Venskapsklasse

Dei klassane som ønskjer det og som skal arbeida med kommunereforma/Nye Øygarden kommune 2. halvår, kan registrera seg som venskapsklasse med ein annan klasse i ein av dei tre kommunane på same klassesteg. Prosjektgruppa som administrerer «Elev i Øygarden» koplar saman klassane to og to. I den grad det let seg gjera, vert klassane venskapsklasse med ein klasse i ein av dei andre kommunane eller ein annan del av kommunen.

Klassane vert oppmoda om å etablera kontakt mellom venskapsklassane i starten av 2. halvår 2019 via elektroniske plattformer. Venskapsklassekontakten og prosjektet kan avsluttast  i desember ved fellessamling på ein av skulane. Det vert gjeve transportstøtte til fellessamlinga til alle klassane som registrerer seg som venskapsklasse. Storleiken på transportstøtta er ikkje avklart no, men det vert teke sikte på at mest mogleg av kostnadene med transport til fellessamlinga vert dekte.

På fellessamlinga kan klassane dela resultatet av prosjektarbeidet med kvarandre, gjennomføra idrettsaktivitetar og ha måltidsfellesskap.

Dei klassane som deltek som venskapsklasse, vert med trekninga om kr. 5 000,- til klassekassen.

Registrer klassen din som venskapsklasse her NB! Registreringsperioden er 1. mai – 13. september.