Dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden har vedteke å byggja ein ny kommune med namnet Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020. I dette arbeidsprosjektet utfordrar vi elevane til å arbeida med det som må til for å gjera den nye kommunen ein attraktiv stad å bu og arbeida i.
Målgruppe
- Elevane i ungdomssteget i dei tre kommunane
Kompetansemål (etter 10. årssteg)
- formulera spørsmål om tilhøve i samfunnet, planleggja og gjennomføra ei undersøking og drøfta funn og resultat munnleg og skriftleg
- bruka samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggja vidare på bidrag frå andre
- bruka statistiske kjelder til å berekne og beskriva tendensar og variasjonar i samfunnsfaglege drøftingar og vurdera om statistikken gjev påliteleg informasjon
- reflektera over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutera formål og relevans til kjeldene
Formål med oppgåva
- få generell kunnskap om den nye kommunen, om formålet med kommune-reforma og kva oppgåver den nye kommunen skal ha ansvar for
- verta kjend med lokaldemokratiske prosessar, med kommune-planlegging og med korleis medborgarskap kan bidra til at det vert attraktivt å bu og arbeida i den nye kommunen. Elevane skal forstå verdien av å engasjera seg i lokaldemokratiet
- etablera kontakt med venskapsklasse. Les meir om venskapsklasse her.
Oppgåve
1 Individuelt arbeid:
Les spørsmålsformuleringane nedanfør nøye og vel deg ut tre problemstillingar som du ønskjer å utforska vidare.
Skriv ned årsakene til at du har vald deg ut akkurat desse problemstillingane.
Aktuelle spørsmål/problemstillingar (basert på tema i intensjonsavtalen)
- Kva må til for at du kan tenkja deg å busetja deg og arbeida i den nye kommunen etter fullført utdanning?
- Korleis kan vi skapa ein sterk felles og berekraftig kystkultur? Kva er kystkultur for oss?
- Kva meiner vi med felles kultur, språk og identitet? Kva har vi felles i dei tre kommunane?
- Korleis kan barn og unge vera med på å byggja den nye kommune (meborgarskap/involvering)?
- Korleis kan den nye kommunen vera ein attraktiv bu- og arbeidsregion i bergensregionen?
- Korleis kan vi ta heile kommunen i bruk og ikkje berre senterområda?
- Kva offentlege tilbod bør leggjast til kommunedelsentera Skogsskiftet og Rong?
- Kva betyr skulen for bygda/staden der du bur? Kva rolle bør skulen ha i lokalsamfunnet?
- Kva utdanningstilbod bør finnast i den nye kommunen?
- Kva rolle kan biblioteka ha i den nye kommunen?
- Kva type arbeidsplassar er viktig for deg for å busetja deg i Nye Øygarden kommune?
- Kva nye fritidstilbod ønskjer du den nye kommunen skal leggja til rette for?
- Korleis kan vi organisera transport/kollektivtransport i framtida?
- Korleis leggja til rette for eit sunt, berekraftig samfunn der vi tek omsyn til klima og miljø?
- Kva kan vi gjera konkret for å binda oss saman og få fram «vi-kjensla»?
2 Gruppearbeid:
Set dykk saman i grupper og legg fram problemstillingane de har valt dykk ut. Diskuter og bli samde om ei felles problemstilling som gruppa ønskjer å granska vidare.
Metode og framgangsmåte
De avgjer sjølve korleis de vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:
- Lag ein interaktiv presentasjon ved hjelp av PowerPoint eller Google-presentasjonar. Legg på kommentarstemme og ta opptak (for eksempel ved hjelp av applikasjonen Screencastomatic)
- Lag ei fiktiv nyheitssending der de gjennom intervju og filminnslag svarar på problemstillinga (4-6 min).
- Lag ein presentasjonsfilm (4-6 min).
- Oppgåva kan også løysast med drama, musikk, dans eller andre uttrykksformer. Det kan også leggjast til rette for gruppe-/klassediskusjon om tema knytt til kommunereforma/den nye kommunen.
PS: Den første delen av oppgåva (ved presentasjon) kan gjerne vera ein kort presentasjon av dei tre kommunane/Nye Øygarden kommune).
Resultatet av arbeidet kan presenterast for venskapsklassen og på mønstring i samband med opningsveka for den nye kommunen 1. – 5. januar 2020.
- Våren 2019 vart det gjennomført ei ungdomshøyring blant elevane i ungdomsskulane i dei tre kommunane. Resultata av høyringa må gjerne nyttast som kjelde for oppgåveløysinga. Les resultatet av høyringa her. (Lenke kommer når klar)
Omfang/tidsbruk
- 5 – 10 timar
Prosjektperiode
- September – desember 2019