Norsk: Presenter den nye kommunen din for resten av Noreg!

Kajakkpadling i FjellI denne oppgåva får du moglegheit til å bruke alle dei kreative evnene dine til å lage ein interessant og underhaldande presentasjon av heimstaden din. Oppgåva er tverrfagleg, for her vil du trenge kunnskapar frå fleire fag.

Bakgrunnen for oppgåva:

Fjell, Sund og Øygarden kommune har no blitt til Nye Øygarden kommune. Resten av Noreg veit ikkje så mykje som kva som særmerkjer den nye kommunen og treng hjelp frå deg og dine læringsvenar, til å bli litt klokare.

Oppgåva er som følgjer:

Lag ein informativ og underhaldande presentasjon av den nye kommunen din.

Korleis svare på oppgåva?

Gruppa vel sjølv korleis de vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:

  • I staden for ”Noreg rundt”, så lag ”Nye Øygarden kommune rundt” – eit underhaldingsprogram som viser fram den rike variasjonen i kommunen både når det gjeld folk, kystkultur og næring. Bruk god tid på å utforme eit manus for programmet, og øv dykk på å lage gode overgangar. Hugs å innhente løyve til filming, osb.
  • Lag ein informasjonsbrosjyre om Nye Øygarden kommune. Ta utgangspunkt i malen som ligg vedlagt og lag ein informativ samansett tekst om den nye kommunen din. Ta gjerne eigne bilete som du kan bruke i brosjyren. Hugs å skrive på nynorsk.
  • Klassa di har fått i oppgåve å lage ei reisehandbok til Nye Øygarden kommune. Kvart læringspar i klassa får i oppgåve å skrive om ulike delar av kommunen, slik at de får dekka fleire sider av den nye storkommunen. Målet med reisehandboka er at folk skal få lyst til å reise til Nye Øygarden kommune, og at dei skal bli meir kunnskapsrike om kva den nye kommunen rommar. I reisehandboka er det viktig å få med kva som særmerkjer naturen, næringslivsgrunnlaget, kva slags attraksjonar kommunen har å by på, og kva som finst av tur- og overnattingsmoglegheiter. Bruk gjerne eigne bilete som illustrasjonar i boka. Digitalt tips: Bruk gratisapplikasjonen Book creator for å utforme reisehandboka.