Naturfag: Plantekappleik

I oppgåva «plantekappleik» skal elevane planta eit frø og samanlikna vekst, med venskapsklassar frå andre stader i kommunen. Data som vert samla inn kan brukast vidare i undervisning.

Målgruppe:

8.–10. trinn

Kompetansemål:

Etter 10. trinn:

  • formulera testbare hypotesar, planleggja og gjennomføra undersøkingar av dei og diskutera observasjonar og resultat i ein rapport
  • innhenta og bearbeida naturfaglege data, gjere berekningar og framstille resultat grafisk
  • beskriva oppbygninga av dyre- og planteceller og forklara hovudtrekka i fotosyntese og celleånding

Formål med oppgåva:

Etablera kontakt med venskapsklasse gjennom konkurranse.

Samla inn data, og samanlikna med andre resultat i andre klassar.

Oppgåve:

Klassen treng:

  • 1 stk. frø (uspesifisert)
  • Plantejord, Gjerne frå skuleområdet.
  • 1 stk. potte
  • Kamera og linjal for å følgja utviklinga til planten.

Framgangsmåte

Finn fram potta og ha i plantejord. Stikk ein linjal i jorda for å kunna registrera vekst veke for veke.

Finn ein passande stad i klasserommet der planten kan stå.

Ta bilete av planten på eit fast tidspunkt kvar veke og last opp bileta. Det kjem presisering om kor bilete skal lastast opp.

Pass på at planten har vatn.

Registrer dato, temperatur i klasserom, lystilhøve, luftfukt og andre variablar som kan vera med på å bestemma veksten til planten. Det kjem presisering om korleis registreringa av planten si vekst skal gjerast.

Veke Dato Temperatur i rom Høgde på plante Utbreiing
1.      Veke
2.      Veke

Omfang/tidsbruk:

5 – 10 timar.

Prosjektperiode

September – desember 2019.

Aktuelle spørsmål/problemstillingar/forslag til vidare arbeid

Før planting

  • Korleis er ei plante oppbygd?
  • Kva er ei plantecelle, og kva organ inneheld ei plantecelle?
  • Kva er fotosyntese og celleanding?

Etter planting

  • Kva skal til for at frøet skal spira?
  • Kva skal til for at planten skal veksa raskast mogleg i klasserommet?
  • Klarar klassen å finna ut kva plante frøet var?
  • Samanlikn resultata med plantar frå andre skular:
    • Kva skule fekk frøet til å spira først?
    • Kva klasse hadde den høgaste planten, og kva klasse hadde planten med mest utbreiing?
  • Lag ei teikning av planten. Set namn på dei ulike delane på planten.
    • Kva funksjon har dei ulike delane av planten?
    • Kan du koma på andre plantar som har andre delar? Kva funksjon har desse?
  • Skriv ei forklaring, eller lag ein teikneserie av livssyklusen til planten. Kva trur du kjem til å skje vidare med planten?
  • Finn plantar i nærområdet og finn ut om dei har den same livssyklusen som planten i klassen.

Diagram

  • Lag eit diagram som viser plantane til dei ulike klassane sin vekst over tid.
    • Kva likskap og ulikskapar finn du i diagrammet?
      • Finn du samanheng i når plantane voks raskast?
      • Om det var ulikskapar i diagrammet, kva trur du dette skuldast?
      • Kva fart voks planta med? I kva veke voks planten raskast, og kva skule hadde den raskast veksande planten?
  • Kva kan ein gjera annleis for at planten skulle ha vakse raskare?
    • Kva kan ein gjera med tilhøva til planten for at han skal veksa raskare?
    • Kan ein gjera noko med jordsmonnet for at planten veks raskare?
    • Kva fordelar og ulemper er det med plantar som veks raskt?

Utvida oppgåve

  • Klassen kan planta fleire frø samstundes for samanlikning.
    • Plant tre ulike frø.
    • Om mogleg: Skriv ned lystilhøve, kva type jord plantane har, kor mykje vatn dei får og liknande som kan brukast i ein seinare rapport.
    • Set dei på same plass i klasserommet og lag ein hypotese for kva som kjem til å skje vidare med frøa.
    • Skriv ein rapport om forsøket.

Lag ein film

Lag ein stop–motion–/timelapse-film av planta som veks

Til denne oppgåva trengst fleire bilete i veka for å få litt lengde på filmen. Klassen kan til dømes ta eit bilete kvar dag eller ved starten og slutten av dagen.

Aktuelle nyttige lenkjer