I oppgåva «plantekappleik» skal elevane planta eit frø og samanlikna vekst, med venskapsklassar frå andre stader i kommunen. Data som vert samla inn kan brukast vidare i undervisning.
Målgruppe:
5.–7. trinn
Kompetansemål:
Etter 7. trinn:
- formulera naturfaglege spørsmål om noko eleven lurer på, foreslå moglege forklaringar, laga ein plan og gjennomføra undersøkingar
- samtale om kvifor det i naturvitenskapen er viktig å laga og testa hypotesar ved systematiske observasjonar og forsøk, og kvifor det er viktig å sammenlikna resultat
- undersøkja og beskrive blomsterplantar og forklara funksjonane til dei ulike plantedelane med tekst og illustrasjon
- undersøkja og diskutera nokre faktorar som kan påvirka frøspiring og vekst hos plantar
Føremål med oppgåva:
Etablera kontakt med venskapsklasse gjennom konkurranse.
Samla inn data, og samanlikna med resultat i andre klassar.
Oppgåve
Klassen treng:
- Nokre tørka erter frå heimkunnskapen (eller kjøkenskåpet til læraren)
- Plantejord, gjerne frå skuleområdet.
- 1 stk. potte
- Kamera og linjal for å følgja utviklinga til planten.
Framgangsmåte
Finn fram potta og ha i plantejord. Stikk ein linjal i jorda for å kunne registrera vekst veke for veke.
Finn ein passande stad i klasserommet der planten kan stå.
Ta bilete av planten på eit fast tidspunkt kvar veke og last opp bileta. Det kjem presisering om kor bilete skal lastast opp.
Pass på at planten har vatn.
Registrer dato, temperatur i klasserom, lystilhøve, luftfukt og andre variablar som kan vera med på å bestemma veksten til planen. Det kjem presisering om korleis registreringa av planten si vekst skal gjerast.
Forslag til tabell. Lag gjerne eigne tabellar med andre faktorar som er viktige for planten.
Veke | Dato | Temperatur i rom | Høgde på plante | Utbreiing |
1. Veke | ||||
2. Veke | ||||
… |
Omfang/tidsbruk:
5 – 10 timar.
Prosjektperiode
September – desember 2019.
Aktuelle spørsmål/problemstillingar/forslag til vidare arbeid
- Kva skal til for at frøet skal spira?
- Kva skal til for at planten skal veksa raskast mogleg i klasserommet?
- Samanlikn resultata med plantar frå andre skular:
- Kva skule fekk frøet til å spira først?
- Kva klasse hadde den høgaste planten, og kva klasse hadde planten med mest utbreiing?
- Lag ei teikning av planten. Sett namn på dei ulike delane på planten.
- Kva funksjon har dei ulike delane av planten?
- Kan du koma på andre plantar som har andre delar? Kva funksjon har desse?
- Skriv ei forklaring, eller lag ein teikneserie av livssyklusen til planen. Kva trur du kjem til å skje vidare med planten?
- Finn plantar i nærområdet og finn ut om dei har den same livssyklusen som planten i klassen.
Lag ein film
Lag ein stop–motion–/timelapse-film av planten som veks.
Til denne oppgåva trengst fleire bilete i veka for å få litt lengde på filmen. Klassen kan til dømes ta eit bilete kvar dag eller ved starten og slutten av dagen.
Vidare arbeid
Lag ein stop–motion film av planta som veks
Til denne oppgåva trengst fleire bilete i veka for å få litt lengde på filmen. Klassen kan til dømes ta eit bilete kvar dag.