Samfunnsfag: Korleis kan Nye Øygarden kommune verta eit fyrtårn på Vestlandet?

Dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden har vedteke å byggja ein ny kommune med namnet Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020. I dette arbeidsprosjektet utfordrar vi elevane til å arbeida med kva som må til for å gjera den nye kommunen ein attraktiv stad å bu og arbeida i.

Målgruppe

  • Elevane i mellomsteget i dei tre kommunane

Kompetansemål  (etter 7. årssteg)

  • formulera eit samfunnsfagleg spørsmål, foreslå moglege forklaringar og belyse spørsmålet gjennom ei undersøking
  • gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
  • gjere greie for kva for moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad
  • gjennomføre og presentere undersøkingar som krev teljing og rekning, ved å bruke informasjon frå tabellar og diagram
  • finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk

Formål med oppgåva

  • Få generell kunnskap om den nye kommunen, formålet med kommunereforma og kva oppgåver den nye kommunen skal ha ansvar for.
  • Verta kjend med lokaldemokratiske prosessar, kommuneplanlegging og korleis medborgarskap kan bidra til at det vert attraktivt og bu og arbeida i den nye kommunen. Elevane skal forstå verdien av å engasjera seg i lokaldemokratiet
  • Etablera kontakt med venskapsklasse. Les meir om venskapsklasse her.

Oppgåve

1  Individuelt arbeid:

Les spørsmålsformuleringane under nøye og vel deg ut tre problemstillingar som du ønskjer å utforska vidare.

Skriv ned årsakene til at du har valt deg ut akkurat desse problemstillingane.

Aktuelle spørsmål/problemstillingar (basert på tema i intensjonsavtalen)

  • Kva er kystkultur for oss?
  • Kva har vi felles i dei tre kommunane?
  • Korleis kan barn og unge vera med å byggja den nye kommune (meborgarskap/involvering)?
  • Korleis kan vi ta heile kommunen i bruk og ikkje berre senterområda?
  • Kva offentlege tilbod bør leggjast til kommunedelsentera som Skogsskiftet og Rong?
  • Kva betyr skulen for bygda/staden der du bur? Kva rolle bør skulen ha i lokalsamfunnet?
  • Kva nye fritidstilbod ønskjer du den nye kommunen skal leggja til rette for?
  • Korleis kan vi gjera for å skapa eit betre klima og miljø?
  • Kva kan vi gjera konkret for å binda oss saman og få fram «vi-kjensla»?

2  Gruppearbeid:

Set dykk saman i grupper og legg fram problemstillingane de har valt dykk ut. Diskuter og bli samde om ei felles problemstilling som gruppa ynskjer å granska vidare.

Metode og framgangsmåte

De avgjer sjølve korleis dykk vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:

  • Lag ein interaktiv presentasjon ved hjelp av PowerPoint eller Google-presentasjonar. Legg på kommentarstemme og ta opptak (for eksempel ved hjelp av applikasjonen Screencastomatic)
  • Lag ei fiktiv nyheitssending der de gjennom intervju og filminnslag svarar på problemstillinga (4-6 min).
  • Lag ein presentasjonsfilm (4-6 min).
  • Oppgåva kan også løysast med drama, musikk, dans eller andre uttrykksformer. Det kan også leggjast til rette for gruppe-/klassediskusjon om tema knytt til kommunereforma/den nye kommunen.

PS: Den første delen av oppgåva (ved presentasjon) kan gjerne vera ein kort presentasjon av dei tre kommunane/Nye Øygarden kommune).

Resultatet av arbeidet kan presenterast for venskapsklassen og på mønstring i samband med opningsveka for den nye kommunen 1. – 5. januar 2020.

Distriktssenteret har laga eit detaljert undervisningsopplegg for 2 timar om kommunereforma som gjerne kan nyttast.

  • Våren 2019 vart det gjennomført ei ungdomshøyring blant elevane i ungdomsskulane i dei tre kommunane. Resultata av høyringa må gjerne nyttast som kjelde for oppgåveløysinga. Les resultatet av høyringa her.

Omfang/tidsbruk

  • 5 – 10 timar

Prosjektperiode

  • September – desember 2019