Digitalt, tverrfagleg: Slik har vi det i Nye Øygarden kommune

Bildet er tatt av <a href="https://pixabay.com/no/users/cherylt23-29385/?utm_source=link-attribution&amp;utm_medium=referral&amp;utm_campaign=image&amp;utm_content=99506">cherylt23</a> fra <a href="https://pixabay.com/?utm_source=link-attribution&amp;utm_medium=referral&amp;utm_campaign=image&amp;utm_content=99506">Pixabay</a>I denne oppgåva skal elevane laga ei heimeside i Google Site der dei presenterer skulen sin og heimstaden sin ut frå sitt perspektiv. Skulane har kvar si startside som er lenkja til nettsida til https://sites.google.com/oygardenskule.no/slikharvidetiygarden/start Gjennomfører de eitt av dei andre undervisningsopplegga knytt til den nye kommunen, kan dei også godt leggjast ut her.

Vi føreslår at elevrådet har ansvaret for startsida på skulen, anten ved å laga sida sjølv eller å delegera ansvaret til andre.

For klassar som har venskapsklasse er dette ein fin arena for å presentera skulen og heimstaden sin. Elevane kan laga multimodale, samansette tekstar ved hjelp av tekst, bilete og video. Kva med å visa kva de gjer i friminutta, eller kvifor de opplever at nettopp din heimstad er den beste i Nye Øygarden kommune. Om elevane jobbar med eit spesielt prosjekt, kan dette verea ein fin arena for å visa fram det dei jobbar med.

Tenk kreativt og vis fram skulen og heimstaden ein god måte og på premissene til elevane.

I dette undervisningsopplegget er det viktig å fokusera på nettvett og personvern. Kva kan ein eigentleg publisera på nettet, og kva skjer med det som vi legg ut. For elevar under 15 år skal føresette gje godkjenning for deling av bilete og film. Innhald publisert på desse sidene kan ved interesse bli publiserte på heimesida til Elev i Nye Øygarden.

Når hovudsida er publisert, registrerer de inn sideadressa i lenkja nedanfor. Ein kan lenkja så mange sider til hovudsida som ein ønskjer (t.d. ei side pr trinn).

Oppgåve

Elevane kan velja mellom å prøva å produsere ei side sjølv, eller å levera tekstar, bilete og film til eldre elevar på ei felles side.

Med på sida kan vera:

  • Teikneserie i Creaza som viser korleis vi har det på skulen (delt med lenkje), filmar frå nærmiljøet og skulekvardagen
  • Bok laga i Book Creator som viser skulen eller der vi bur
  • Presentasjonar eller PowerPoint om skulen vår eller der vi bur.
  • Presentasjon med bilete og tekst frå eit undervisningsopplegg som er gjennomført

Omfang/tidsbruk

5 – 10 timar

Generelt

I undervisningsopplegga for norsk, samfunnsfag og naturfag kan de finna idear til innhaldet på den heimesida de produserer.