Tankar om framtida

I serien Tankar om framtida formidlar elevar i Sund, Fjell og Øygarden kva dei tenkjer om  framtida i den nye kommunen. Fram til nyttår presenterer vi kvar onsdag tre nye videoar. Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.


Victoria frå Skålvik skule fortel om kor glad ho er i familien og kommunen sin, men òg om kor viktig det er at alle barn og unge får moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar.


Mathilde frå Ågotnes skule er glad i kommunen sin og vil verna om han. Ho fortel spesielt om kor viktig det er å ha gode vaksne rundt seg for å vera trygg.


Selma frå Ulveset skule fortel om kva ho likar å halda på med i fritida og på skulen. Ho er oppteken av å ta grøne val, og å ta vare på naturen.


Enya frå Bjorøy skule fortel om kor glad ho er for skulen sin, venene, familien og kor viktig at alle kan få moglegheiten til å vera med på ein fritidsaktivitet.


Frida frå Tranevågen ungdomsskule er oppteken av miljøet i naturen og på skulane. Ho fokuserer på gode læringstilhøve og at vi har ingen vener å miste.


Mia frå Kolltveit skule fortel om kor glad ho er i dyr og staden ho bur på, og at ho har lyst til å bli dyrlege når ho blir vaksen i den nye kommunen.


Viktoria frå Sund ungdomsskule fortel om kvifor ho vil bli barnelege som vaksen i den nye kommunen.


Stefan frå Rong skule meiner at vi skal ta vare på nærbutikken og ha fleire plassar ein kan treffest, for å spela fotball eller vera med på idrett.


Hanna frå Danielsen ungdomsskule fortel om kor viktig det er å vera aktiv, ha gode vener og ei god skule å gå på.


Frida frå Hjelteryggen skule fortel om kor viktig det er å vera aktiv i idrett, og har tankar om korleis kommunen kan gjera det enklare for unge å vera med.


Nora frå Landro skule fortel om mormor og besten, kva yrke ho ynskjer seg og kor glad ho er i skulen sin.


Emma frå Sund ungdomsskule fortel om kor glad ho er i bygda si, Glesnes, kva ein kan gjere der og kvifor ho ynskjer å bu.


Aurora frå Toftøy skule fortel om kor vakker skjærgården er i Øygarden, det ein kan gjere her ute og at vi må ta vare på den.


Lena frå Foldnes skule fortel om sin draumekommune.


Martin frå Danielsen barneskule er oppteken av miljø, sosialt fellesskap og teknologi.


Hedda frå Knappskog skule er oppteken av kva som kan skje når havisen smeltar.


Ingrid Nakken frå Blomvåg skule som elskar bøker og vil bli forfattar.


Kelsie Nesse frå Sund ungdomsskule som elskar heimstaden sin og alle som bor der.


Gabriel Sæle som vil ha slutt på all mobbing.


Pernille Sørensen frå Brattholmen skule som fortel om kor viktig det er med trygg skuleveg.


Pernille Hansen frå Tjeldstø skule som elskar å syngja.


Gunhild Kolbeinsvik frå Glesnes skule som meiner at teknologi er viktig i framtida.