Kva klasse har dei beste vekstforholda?
Premie til klassekasse:
- plass: 3000,-
- plass: 2000,-
- plass: 1000,-
- Konkurransen starta 15. oktober
- Konkurranseslutt: 29. november
De treng:
- Nokre tørka erter frå skulekjøkenet
- Nok jord til å planta ei ert
- Ei potte eller liknande
- Ein linjal
- Ein liten plass der planta kan gro.
Tysdag 15 oktober:
Legg nokre erter i vatn.
Onsdag 16. oktober:
- Plant den ertespira som ser mest lovande ut.
- Registrer veksten (cm. med eín desimal) i reknearket læraren får lenkje til.
Hugs bilete av planten, med linjal og vekenummer. Då kan de dokumentera veksten. Pynt gjerne potta med teikningar for å motivera planten til å raskast mogleg vekst.
Under “undervisningsopplegg” på nettstaden finn de forslag til vidare arbeid.
- Undervisningsopplegg for småtrinnet
- Undervisningsopplegg for mellomtrinnet
- Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet
For at alt skal fungera, er det viktig at ein ikkje endrar på formlar. Ta kontakt med andreas.furset@fjell.kommune.no.