Om Elev i Nye Øygarden

Denne nettsida er ei ressursside for skuletiltaket «Elev i Nye Øygarden». Andre halvår 2019 vert skulane i Sund, Fjell og Øygarden inviterte til å involvera seg i arbeidet med å byggja den nye kommunen som vert ein realitet 1. januar 2020.

Målet med «Elev i Nye Øygarden» er at elevane skal verta kjende med eigen kultur og identitet og å verta involverte i arbeidet med å skapa eit framtidsretta lokalsamfunn. I dette arbeidet vert elevane utfordra til å presentera visjonane og ideane sine om korleis den nye kommunen skal verta. Det er også eit mål at tiltaket vil bidra til å byggja bruer mellom folk og etablera nye venskap.

Tiltaket er eit samarbeid mellom prosjektorganisasjonen Nye Øygarden kommune og skulesjefane/kommunalsjefane for skule/oppvekst i dei tre kommunane.

Kontakt:

Vigleik Brekke, tlf. 91581107
vigleik.brekke@nyeoygardenkommune.no

Informasjon om venskapsklasse og transportstøtte:
Ingunn Kjelby, 917 00259
ingunn.kjelby@fjell.kommune.no