Framvising av elevarbeid

Den 4. januar vert det stor folkefest i Sotra Arena for å markera overgangen til Øygarden kommune.

Her er noko av programmet på opningsfesten:

  • 10.00: Aktivitetar og konkurransar ute og inne for store og små
  • 13.00: Offisiell opning. Statsminister Erna Solberg deltek og vil venteleg dela ut vinnarpremie for plantekappleiken og trekkja ut premie til venskapsklassar
  • 18.00: Det store korslaget

Elev i Nye Øygarden har fått tildelt eit eige område i Sotra Arena. Her kan vi visa fram elevarbeid knytt til den nye kommunen. Vi oppmodar klassane om å presentera elevarbeid på den store folkefesten. Nedanfor er det skjema for registrering.

Vi ber om at stand for elevarbeid vert rigga til Sotra Arena fredag 3. januar klokka 10.00 – 12.00. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette.

Frist for registrering av framvising av elevarbeid er 15. desember.

Registrering av framvising av elevarbeid