Category Archives: Småskuletrinnet

Digitalt, tverrfagleg: Slik har vi det i Nye Øygarden kommune

Bildet er tatt av <a href="https://pixabay.com/no/users/cherylt23-29385/?utm_source=link-attribution&amp;utm_medium=referral&amp;utm_campaign=image&amp;utm_content=99506">cherylt23</a> fra <a href="https://pixabay.com/?utm_source=link-attribution&amp;utm_medium=referral&amp;utm_campaign=image&amp;utm_content=99506">Pixabay</a>I denne oppgåva skal elevane laga ei heimeside i Google Site der dei presenterer skulen sin og heimstaden sin ut frå sitt perspektiv. Skulane har kvar si startside som er lenkja til nettsida til https://sites.google.com/oygardenskule.no/slikharvidetiygarden/start Gjennomfører de eitt av dei andre undervisningsopplegga knytt til den nye kommunen, kan dei også godt leggjast ut her.

Vi føreslår at elevrådet har ansvaret for startsida på skulen, anten ved å laga sida sjølv eller å delegera ansvaret til andre.

For klassar som har venskapsklasse er dette ein fin arena for å presentera skulen og heimstaden sin. Elevane kan laga multimodale, samansette tekstar ved hjelp av tekst, bilete og video. Kva med å visa kva de gjer i friminutta, eller kvifor de opplever at nettopp din heimstad er den beste i Nye Øygarden kommune. Om elevane jobbar med eit spesielt prosjekt, kan dette verea ein fin arena for å visa fram det dei jobbar med.

Tenk kreativt og vis fram skulen og heimstaden ein god måte og på premissene til elevane.

I dette undervisningsopplegget er det viktig å fokusera på nettvett og personvern. Kva kan ein eigentleg publisera på nettet, og kva skjer med det som vi legg ut. For elevar under 15 år skal føresette gje godkjenning for deling av bilete og film. Innhald publisert på desse sidene kan ved interesse bli publiserte på heimesida til Elev i Nye Øygarden.

Når hovudsida er publisert, registrerer de inn sideadressa i lenkja nedanfor. Ein kan lenkja så mange sider til hovudsida som ein ønskjer (t.d. ei side pr trinn).

Oppgåve

Elevane kan velja mellom å prøva å produsere ei side sjølv, eller å levera tekstar, bilete og film til eldre elevar på ei felles side.

Med på sida kan vera:

  • Teikneserie i Creaza som viser korleis vi har det på skulen (delt med lenkje), filmar frå nærmiljøet og skulekvardagen
  • Bok laga i Book Creator som viser skulen eller der vi bur
  • Presentasjonar eller PowerPoint om skulen vår eller der vi bur.
  • Presentasjon med bilete og tekst frå eit undervisningsopplegg som er gjennomført

Omfang/tidsbruk

5 – 10 timar

Generelt

I undervisningsopplegga for norsk, samfunnsfag og naturfag kan de finna idear til innhaldet på den heimesida de produserer.

Naturfag: Plantekappleik

I oppgåva «plantekappleik» skal elevane planta eit frø og samanlikna vekst, med venskapsklassar frå andre stader i kommunen. Data som vert samla inn, kan brukast vidare i undervisning.

Målgruppe:

1.–4. trinn

Kompetansemål:

  • bruka naturfaglege omgrep til å beskriva og presentera eigne observasjonar, føreslå og samtale om moglege forklaringar på det ein har observert
  • bruka måleinstrument, systematisera data, vurdera om resultata er rimelege, og presentera dei med eller utan digitale hjelpemiddel
  • samtala om, og sammenlikna livssyklusen til nokre plante- og dyrearter
  • observera, registrera og beskriva endringane som skjer med eit tre eller en annan flerårig plante over tid

Formål med oppgåva

Etablera kontakt med venskapsklasse gjennom konkurranse.

Samla inn data, og samanlikna med resultat i andre klassar.

Oppgåve

Klassen treng:

  • Nokre tørka erter frå heimkunnskapen (eller kjøkenskåpet til læraren)
  • Plantejord, Gjerne frå skuleområdet
  • 1 stk. potte
  • Kamera og linjal for å følgja utviklinga til planten

Framgangsmåte

Finn fram potta og ha i plantejord. Stikk ein linjal i jorda for å kunna registrera vekst veke for veke.

Finn ein passande stad i klasserommet der planten kan stå.

Ta eit bilete av planten på eit fast tidspunkt kvar veke og last opp bileta. Det kjem presisering om kor bilete skal lastast opp.

Pass på at planten har vatn.

Registrer dato, temperatur i klasserom, lystilhøve i skjemaet på lenkja. Det kjem presisering om korleis registreringa av planten si vekst skal gjerast.

Forslag til tabell. Lag gjerne eigne tabellar med andre faktorar som er viktige for planta.

Veke Dato Temperatur i rom Høgde på plante Utbreiing
1.      Veke
2.      Veke

Aktuelle spørsmål/problemstillingar/forslag til vidare arbeid

  • Samanlikn resultata med plantar frå andre skular:
    • Kva skule fekk frøet til å spira først?
    • Kva klasse hadde den høgaste planten, og kva klasse hadde planten med mest utbreiing?
  • Skriv ei forklaring, eller lag ein teikneserie av livssyklusen til planten. Kva trur du kjem til å skje vidare med planten?
  • Finn plantar i nærområdet og finn ut om dei har den same livssyklusen som klassen sin plante.
  • Finn eit lite tre i nærområdet og skriv ned kva høgde, breidde, omkrins det har. Informasjonen om treet kan brukast til samanlikning i seinare oppgåver.

Vidare arbeid

Lag ein stop motion–film av planta som veks

Til denne oppgåva trengst fleire bilete i veka for å få litt lengde på filmen. Klassen kan til dømes ta eit bilete kvar dag.

Aktuelle nyttige lenkjer

Norsk: Favorittstaden min i Nye Øygarden kommune

Målet med arbeidet er at eleven skal reflektere over sin eigen heimstad, og at han får uttrykke seg skriftleg og munnleg om temaet.

Til eleven:

Kva er favorittstaden din i Nye Øygarden kommune? Staden du likar aller best å vere? I naturen finst det mange fine stadar, og du har sikkert ein slik stad du likar betre enn andre.

Oppgåve er som følgjer:

Lag ei eiga teikning over staden som du er spesielt glad i, og skriv ein tekst under som forklarar kva du har teikna. Bruk god tid på å planlegge teikninga og det du skal skrive. Når de er ferdige med teikninga kan de presentere ho for resten av klassa.

Tips: Lag ei klasseutstilling av alle teikningane. Kvar elev kan i tillegg til å utforme teikninga, ta med seg ein stein, ein kvist, tang og tare, eller anna organisk materiale som kan vere med på å understreke det som særmerkjer naturen eller samfunnet i Nye Øygarden kommune.