Dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden har vedteke å byggja ein ny kommune med namnet Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020. I dette arbeidsprosjektet utfordrar vi elevane til å arbeida med kva som må til for å gjera den nye kommunen ein attraktiv stad å bu og arbeida i.
Målgruppe
- Elevane i mellomsteget i dei tre kommunane
Kompetansemål (etter 7. årssteg)
- formulera eit samfunnsfagleg spørsmål, foreslå moglege forklaringar og belyse spørsmålet gjennom ei undersøking
- gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
- gjere greie for kva for moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad
- gjennomføre og presentere undersøkingar som krev teljing og rekning, ved å bruke informasjon frå tabellar og diagram
- finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk
Formål med oppgåva
- Få generell kunnskap om den nye kommunen, formålet med kommunereforma og kva oppgåver den nye kommunen skal ha ansvar for.
- Verta kjend med lokaldemokratiske prosessar, kommuneplanlegging og korleis medborgarskap kan bidra til at det vert attraktivt og bu og arbeida i den nye kommunen. Elevane skal forstå verdien av å engasjera seg i lokaldemokratiet
- Etablera kontakt med venskapsklasse. Les meir om venskapsklasse her.
Oppgåve
1 Individuelt arbeid:
Les spørsmålsformuleringane under nøye og vel deg ut tre problemstillingar som du ønskjer å utforska vidare.
Skriv ned årsakene til at du har valt deg ut akkurat desse problemstillingane.
Aktuelle spørsmål/problemstillingar (basert på tema i intensjonsavtalen)
- Kva er kystkultur for oss?
- Kva har vi felles i dei tre kommunane?
- Korleis kan barn og unge vera med å byggja den nye kommune (meborgarskap/involvering)?
- Korleis kan vi ta heile kommunen i bruk og ikkje berre senterområda?
- Kva offentlege tilbod bør leggjast til kommunedelsentera som Skogsskiftet og Rong?
- Kva betyr skulen for bygda/staden der du bur? Kva rolle bør skulen ha i lokalsamfunnet?
- Kva nye fritidstilbod ønskjer du den nye kommunen skal leggja til rette for?
- Korleis kan vi gjera for å skapa eit betre klima og miljø?
- Kva kan vi gjera konkret for å binda oss saman og få fram «vi-kjensla»?
2 Gruppearbeid:
Set dykk saman i grupper og legg fram problemstillingane de har valt dykk ut. Diskuter og bli samde om ei felles problemstilling som gruppa ynskjer å granska vidare.
Metode og framgangsmåte
De avgjer sjølve korleis dykk vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:
- Lag ein interaktiv presentasjon ved hjelp av PowerPoint eller Google-presentasjonar. Legg på kommentarstemme og ta opptak (for eksempel ved hjelp av applikasjonen Screencastomatic)
- Lag ei fiktiv nyheitssending der de gjennom intervju og filminnslag svarar på problemstillinga (4-6 min).
- Lag ein presentasjonsfilm (4-6 min).
- Oppgåva kan også løysast med drama, musikk, dans eller andre uttrykksformer. Det kan også leggjast til rette for gruppe-/klassediskusjon om tema knytt til kommunereforma/den nye kommunen.
PS: Den første delen av oppgåva (ved presentasjon) kan gjerne vera ein kort presentasjon av dei tre kommunane/Nye Øygarden kommune).
Resultatet av arbeidet kan presenterast for venskapsklassen og på mønstring i samband med opningsveka for den nye kommunen 1. – 5. januar 2020.
- Våren 2019 vart det gjennomført ei ungdomshøyring blant elevane i ungdomsskulane i dei tre kommunane. Resultata av høyringa må gjerne nyttast som kjelde for oppgåveløysinga. Les resultatet av høyringa her.
Omfang/tidsbruk
- 5 – 10 timar
Prosjektperiode
- September – desember 2019