Category Archives: Undervisningsopplegg

Samfunnsfag: Korleis kan Nye Øygarden kommune verta eit fyrtårn på Vestlandet?

Dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden har vedteke å byggja ein ny kommune med namnet Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020. I dette arbeidsprosjektet utfordrar vi elevane til å arbeida med kva som må til for å gjera den nye kommunen ein attraktiv stad å bu og arbeida i.

Målgruppe

  • Elevane i mellomsteget i dei tre kommunane

Kompetansemål  (etter 7. årssteg)

  • formulera eit samfunnsfagleg spørsmål, foreslå moglege forklaringar og belyse spørsmålet gjennom ei undersøking
  • gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
  • gjere greie for kva for moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad
  • gjennomføre og presentere undersøkingar som krev teljing og rekning, ved å bruke informasjon frå tabellar og diagram
  • finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk

Formål med oppgåva

  • Få generell kunnskap om den nye kommunen, formålet med kommunereforma og kva oppgåver den nye kommunen skal ha ansvar for.
  • Verta kjend med lokaldemokratiske prosessar, kommuneplanlegging og korleis medborgarskap kan bidra til at det vert attraktivt og bu og arbeida i den nye kommunen. Elevane skal forstå verdien av å engasjera seg i lokaldemokratiet
  • Etablera kontakt med venskapsklasse. Les meir om venskapsklasse her.

Oppgåve

1  Individuelt arbeid:

Les spørsmålsformuleringane under nøye og vel deg ut tre problemstillingar som du ønskjer å utforska vidare.

Skriv ned årsakene til at du har valt deg ut akkurat desse problemstillingane.

Aktuelle spørsmål/problemstillingar (basert på tema i intensjonsavtalen)

  • Kva er kystkultur for oss?
  • Kva har vi felles i dei tre kommunane?
  • Korleis kan barn og unge vera med å byggja den nye kommune (meborgarskap/involvering)?
  • Korleis kan vi ta heile kommunen i bruk og ikkje berre senterområda?
  • Kva offentlege tilbod bør leggjast til kommunedelsentera som Skogsskiftet og Rong?
  • Kva betyr skulen for bygda/staden der du bur? Kva rolle bør skulen ha i lokalsamfunnet?
  • Kva nye fritidstilbod ønskjer du den nye kommunen skal leggja til rette for?
  • Korleis kan vi gjera for å skapa eit betre klima og miljø?
  • Kva kan vi gjera konkret for å binda oss saman og få fram «vi-kjensla»?

2  Gruppearbeid:

Set dykk saman i grupper og legg fram problemstillingane de har valt dykk ut. Diskuter og bli samde om ei felles problemstilling som gruppa ynskjer å granska vidare.

Metode og framgangsmåte

De avgjer sjølve korleis dykk vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:

  • Lag ein interaktiv presentasjon ved hjelp av PowerPoint eller Google-presentasjonar. Legg på kommentarstemme og ta opptak (for eksempel ved hjelp av applikasjonen Screencastomatic)
  • Lag ei fiktiv nyheitssending der de gjennom intervju og filminnslag svarar på problemstillinga (4-6 min).
  • Lag ein presentasjonsfilm (4-6 min).
  • Oppgåva kan også løysast med drama, musikk, dans eller andre uttrykksformer. Det kan også leggjast til rette for gruppe-/klassediskusjon om tema knytt til kommunereforma/den nye kommunen.

PS: Den første delen av oppgåva (ved presentasjon) kan gjerne vera ein kort presentasjon av dei tre kommunane/Nye Øygarden kommune).

Resultatet av arbeidet kan presenterast for venskapsklassen og på mønstring i samband med opningsveka for den nye kommunen 1. – 5. januar 2020.

Distriktssenteret har laga eit detaljert undervisningsopplegg for 2 timar om kommunereforma som gjerne kan nyttast.

  • Våren 2019 vart det gjennomført ei ungdomshøyring blant elevane i ungdomsskulane i dei tre kommunane. Resultata av høyringa må gjerne nyttast som kjelde for oppgåveløysinga. Les resultatet av høyringa her.

Omfang/tidsbruk

  • 5 – 10 timar

Prosjektperiode

  • September – desember 2019

Digitalt, tverrfagleg: Slik har vi det i Nye Øygarden kommune

I denne oppgåva skal elevane laga ei heimeside i Google Site der dei presenterer skulen sin og heimstaden sin ut frå sitt perspektiv. Skulane har kvar si startside som er lenkja til nettsida til https://sites.google.com/oygardenskule.no/slikharvidetiygarden/start Gjennomfører de eitt av dei andre undervisningsopplegga knytt til den nye kommunen, kan dei også godt leggjast ut her.

Vi føreslår at elevrådet har ansvaret for startsida på skulen, anten ved å laga sida sjølv eller å delegera ansvaret til andre.

For klassar som har venskapsklasse er dette ein fin arena for å presentera skulen og heimstaden sin. Elevane kan laga multimodale, samansette tekstar ved hjelp av tekst, bilete og video. Kva med å visa kva de gjer i friminutta, eller kvifor de opplever at nettopp din heimstad er den beste i Nye Øygarden kommune. Om elevane jobbar med eit spesielt prosjekt, kan dette verea ein fin arena for å visa fram det dei jobbar med.

Tenk kreativt og vis fram skulen og heimstaden ein god måte og på premissene til elevane.

I dette undervisningsopplegget er det viktig å fokusera på nettvett og personvern. Kva kan ein eigentleg publisera på nettet, og kva skjer med det som vi legg ut. For elevar under 15 år skal føresette gje godkjenning for deling av bilete og film. Innhald publisert på desse sidene kan ved interesse bli publiserte på heimesida til Elev i Nye Øygarden.

Når hovudsida er publisert, registrerer de inn sideadressa i lenkja nedanfor. Ein kan lenkja så mange sider til hovudsida som ein ønskjer (t.d. ei side pr trinn).

Oppgåve

Korleis er det å vera ung der du bur? Utnytt det digitale potensialet for å gje andre ei interaktiv reise på skulen og heimplassen din. Set saman film, tekst, lyd og bilete på ein måte som fangar lesaren og som gjev eit godt bilete av korleis det er å ap i Øygarden i dag med utgangspunkt i Google Sites.

Omfang/tidsbruk

5-10 timar

Generelt

I undervisningsopplegga for norsk, samfunnsfag og naturfag kan de finna idear til innhaldet på den heimesida de produserer.

Digitalt, tverrfagleg: Slik har vi det i Nye Øygarden kommune

Bildet er tatt av StartupStockPhotos fra PixabayI denne oppgåva skal elevane laga ei heimeside i Google Site der dei presenterer skulen sin og heimstaden sin ut frå sitt perspektiv. Skulane har kvar si startside som er lenkja til nettsida til https://sites.google.com/oygardenskule.no/slikharvidetiygarden/start Gjennomfører de eitt av dei andre undervisningsopplegga knytt til den nye kommunen, kan dei også godt leggjast ut her.

Vi føreslår at elevrådet har ansvaret for startsida på skulen, anten ved å laga sida sjølv eller å delegera ansvaret til andre.

For klassar som har venskapsklasse er dette ein fin arena for å presentera skulen og heimstaden sin. Elevane kan laga multimodale, samansette tekstar ved hjelp av tekst, bilete og video. Kva med å visa kva de gjer i friminutta, eller kvifor de opplever at nettopp din heimstad er den beste i Nye Øygarden kommune. Om elevane jobbar med eit spesielt prosjekt, kan dette verea ein fin arena for å visa fram det dei jobbar med.

Tenk kreativt og vis fram skulen og heimstaden ein god måte og på premissene til elevane.

I dette undervisningsopplegget er det viktig å fokusera på nettvett og personvern. Kva kan ein eigentleg publisera på nettet, og kva skjer med det som vi legg ut. For elevar under 15 år skal føresette gje godkjenning for deling av bilete og film. Innhald publisert på desse sidene kan ved interesse bli publiserte på heimesida til Elev i Nye Øygarden.

Når hovudsida er publisert, registrerer de inn sideadressa i lenkja nedanfor. Ein kan lenkja så mange sider til hovudsida som ein ønskjer (t.d. ei side pr trinn).

Oppgåve

Bruk t.d Creaza, Presentasjonar/PowerPoint, film, bilete og tekst til å presentera kven de er og kvar de kjem frå. Utnytt moglegheitene i det digitale til å visa kven de er på ein god måte.

Mellomtrinnselevar kan også vera til hjelp for småtrinnselevar i denne oppgåva. Dette kan anten gjerast ved at dei arbeider saman, eller ved at mellomtrinnselevane er til hjelp for småtrinnselevane når dei ulike elementa skal setjast saman til ei side.

Omfang/tidsbruk

5-10 timar

Generelt

I undervisningsopplegga for norsk, samfunnsfag og naturfag kan de finna idear til innhaldet på den heimesida de produserer.

Digitalt, tverrfagleg: Slik har vi det i Nye Øygarden kommune

Bildet er tatt av <a href="https://pixabay.com/no/users/cherylt23-29385/?utm_source=link-attribution&amp;utm_medium=referral&amp;utm_campaign=image&amp;utm_content=99506">cherylt23</a> fra <a href="https://pixabay.com/?utm_source=link-attribution&amp;utm_medium=referral&amp;utm_campaign=image&amp;utm_content=99506">Pixabay</a>I denne oppgåva skal elevane laga ei heimeside i Google Site der dei presenterer skulen sin og heimstaden sin ut frå sitt perspektiv. Skulane har kvar si startside som er lenkja til nettsida til https://sites.google.com/oygardenskule.no/slikharvidetiygarden/start Gjennomfører de eitt av dei andre undervisningsopplegga knytt til den nye kommunen, kan dei også godt leggjast ut her.

Vi føreslår at elevrådet har ansvaret for startsida på skulen, anten ved å laga sida sjølv eller å delegera ansvaret til andre.

For klassar som har venskapsklasse er dette ein fin arena for å presentera skulen og heimstaden sin. Elevane kan laga multimodale, samansette tekstar ved hjelp av tekst, bilete og video. Kva med å visa kva de gjer i friminutta, eller kvifor de opplever at nettopp din heimstad er den beste i Nye Øygarden kommune. Om elevane jobbar med eit spesielt prosjekt, kan dette verea ein fin arena for å visa fram det dei jobbar med.

Tenk kreativt og vis fram skulen og heimstaden ein god måte og på premissene til elevane.

I dette undervisningsopplegget er det viktig å fokusera på nettvett og personvern. Kva kan ein eigentleg publisera på nettet, og kva skjer med det som vi legg ut. For elevar under 15 år skal føresette gje godkjenning for deling av bilete og film. Innhald publisert på desse sidene kan ved interesse bli publiserte på heimesida til Elev i Nye Øygarden.

Når hovudsida er publisert, registrerer de inn sideadressa i lenkja nedanfor. Ein kan lenkja så mange sider til hovudsida som ein ønskjer (t.d. ei side pr trinn).

Oppgåve

Elevane kan velja mellom å prøva å produsere ei side sjølv, eller å levera tekstar, bilete og film til eldre elevar på ei felles side.

Med på sida kan vera:

  • Teikneserie i Creaza som viser korleis vi har det på skulen (delt med lenkje), filmar frå nærmiljøet og skulekvardagen
  • Bok laga i Book Creator som viser skulen eller der vi bur
  • Presentasjonar eller PowerPoint om skulen vår eller der vi bur.
  • Presentasjon med bilete og tekst frå eit undervisningsopplegg som er gjennomført

Omfang/tidsbruk

5 – 10 timar

Generelt

I undervisningsopplegga for norsk, samfunnsfag og naturfag kan de finna idear til innhaldet på den heimesida de produserer.

Naturfag: Plantekappleik

I oppgåva «plantekappleik» skal elevane planta eit frø og samanlikna vekst, med venskapsklassar frå andre stader i kommunen. Data som vert samla inn kan brukast vidare i undervisning.

Målgruppe:

8.–10. trinn

Kompetansemål:

Etter 10. trinn:

  • formulera testbare hypotesar, planleggja og gjennomføra undersøkingar av dei og diskutera observasjonar og resultat i ein rapport
  • innhenta og bearbeida naturfaglege data, gjere berekningar og framstille resultat grafisk
  • beskriva oppbygninga av dyre- og planteceller og forklara hovudtrekka i fotosyntese og celleånding

Formål med oppgåva:

Etablera kontakt med venskapsklasse gjennom konkurranse.

Samla inn data, og samanlikna med andre resultat i andre klassar.

Oppgåve:

Klassen treng:

  • Nokre tørka erter frå heimkunnskapen (eller kjøkenskåpet til læraren)
  • Plantejord, Gjerne frå skuleområdet.
  • 1 stk. potte
  • Kamera og linjal for å følgja utviklinga til planten.

Framgangsmåte

Finn fram potta og ha i plantejord. Stikk ein linjal i jorda for å kunna registrera vekst veke for veke.

Finn ein passande stad i klasserommet der planten kan stå.

Ta bilete av planten på eit fast tidspunkt kvar veke og last opp bileta. Det kjem presisering om kor bilete skal lastast opp.

Pass på at planten har vatn.

Registrer dato, temperatur i klasserom, lystilhøve, luftfukt og andre variablar som kan vera med på å bestemma veksten til planten. Det kjem presisering om korleis registreringa av planten si vekst skal gjerast.

Veke Dato Temperatur i rom Høgde på plante Utbreiing
1.      Veke
2.      Veke

Omfang/tidsbruk:

5 – 10 timar.

Prosjektperiode

September – desember 2019.

Aktuelle spørsmål/problemstillingar/forslag til vidare arbeid

Før planting

  • Korleis er ei plante oppbygd?
  • Kva er ei plantecelle, og kva organ inneheld ei plantecelle?
  • Kva er fotosyntese og celleanding?

Etter planting

  • Kva skal til for at frøet skal spira?
  • Kva skal til for at planten skal veksa raskast mogleg i klasserommet?
  • Samanlikn resultata med plantar frå andre skular:
    • Kva skule fekk frøet til å spira først?
    • Kva klasse hadde den høgaste planten, og kva klasse hadde planten med mest utbreiing?
  • Lag ei teikning av planten. Set namn på dei ulike delane på planten.
    • Kva funksjon har dei ulike delane av planten?
    • Kan du koma på andre plantar som har andre delar? Kva funksjon har desse?
  • Skriv ei forklaring, eller lag ein teikneserie av livssyklusen til planten. Kva trur du kjem til å skje vidare med planten?
  • Finn plantar i nærområdet og finn ut om dei har den same livssyklusen som planten i klassen.

Diagram

  • Lag eit diagram som viser plantane til dei ulike klassane sin vekst over tid.
    • Kva likskap og ulikskapar finn du i diagrammet?
      • Finn du samanheng i når plantane voks raskast?
      • Om det var ulikskapar i diagrammet, kva trur du dette skuldast?
      • Kva fart voks planta med? I kva veke voks planten raskast, og kva skule hadde den raskast veksande planten?
  • Kva kan ein gjera annleis for at planten skulle ha vakse raskare?
    • Kva kan ein gjera med tilhøva til planten for at han skal veksa raskare?
    • Kan ein gjera noko med jordsmonnet for at planten veks raskare?
    • Kva fordelar og ulemper er det med plantar som veks raskt?

Utvida oppgåve

  • Klassen kan planta fleire frø samstundes for samanlikning.
    • Plant tre ulike frø.
    • Om mogleg: Skriv ned lystilhøve, kva type jord plantane har, kor mykje vatn dei får og liknande som kan brukast i ein seinare rapport.
    • Set dei på same plass i klasserommet og lag ein hypotese for kva som kjem til å skje vidare med frøa.
    • Skriv ein rapport om forsøket.

Lag ein film

Lag ein stop–motion–/timelapse-film av planta som veks

Til denne oppgåva trengst fleire bilete i veka for å få litt lengde på filmen. Klassen kan til dømes ta eit bilete kvar dag eller ved starten og slutten av dagen.

Aktuelle nyttige lenkjer

Naturfag: Plantekappleik

I oppgåva «plantekappleik» skal elevane planta eit frø og samanlikna vekst, med venskapsklassar frå andre stader i kommunen. Data som vert samla inn kan brukast vidare i undervisning.

Målgruppe:

5.–7. trinn

Kompetansemål:

Etter 7. trinn:

  • formulera naturfaglege spørsmål om noko eleven lurer på, foreslå moglege forklaringar, laga ein plan og gjennomføra undersøkingar
  • samtale om kvifor det i naturvitenskapen er viktig å laga og testa hypotesar ved systematiske observasjonar og forsøk, og kvifor det er viktig å sammenlikna resultat
  • undersøkja og beskrive blomsterplantar og forklara funksjonane til dei ulike plantedelane med tekst og illustrasjon
  • undersøkja og diskutera nokre faktorar som kan påvirka frøspiring og vekst hos plantar

Føremål med oppgåva:

Etablera kontakt med venskapsklasse gjennom konkurranse.

Samla inn data, og samanlikna med resultat i andre klassar.

Oppgåve

Klassen treng:

  • Nokre tørka erter frå heimkunnskapen (eller kjøkenskåpet til læraren)
  • Plantejord, gjerne frå skuleområdet.
  • 1 stk. potte
  • Kamera og linjal for å følgja utviklinga til planten.

Framgangsmåte

Finn fram potta og ha i plantejord. Stikk ein linjal i jorda for å kunne registrera vekst veke for veke.

Finn ein passande stad i klasserommet der planten kan stå.

Ta bilete av planten på eit fast tidspunkt kvar veke og last opp bileta. Det kjem presisering om kor bilete skal lastast opp.

Pass på at planten har vatn.

Registrer dato, temperatur i klasserom, lystilhøve, luftfukt og andre variablar som kan vera med på å bestemma veksten til planen. Det kjem presisering om korleis registreringa av planten si vekst skal gjerast.

Forslag til tabell. Lag gjerne eigne tabellar med andre faktorar som er viktige for planten.

Veke Dato Temperatur i rom Høgde på plante Utbreiing
1.      Veke
2.      Veke

Omfang/tidsbruk:

5 – 10 timar.

Prosjektperiode

September – desember 2019.

Aktuelle spørsmål/problemstillingar/forslag til vidare arbeid

  • Kva skal til for at frøet skal spira?
  • Kva skal til for at planten skal veksa raskast mogleg i klasserommet?
  • Samanlikn resultata med plantar frå andre skular:
    • Kva skule fekk frøet til å spira først?
    • Kva klasse hadde den høgaste planten, og kva klasse hadde planten med mest utbreiing?
  • Lag ei teikning av planten. Sett namn på dei ulike delane på planten.
    • Kva funksjon har dei ulike delane av planten?
    • Kan du koma på andre plantar som har andre delar? Kva funksjon har desse?
  • Skriv ei forklaring, eller lag ein teikneserie av livssyklusen til planen. Kva trur du kjem til å skje vidare med planten?
  • Finn plantar i nærområdet og finn ut om dei har den same livssyklusen som planten i klassen.

Lag ein film

Lag ein stop–motion–/timelapse-film av planten som veks.

Til denne oppgåva trengst fleire bilete i veka for å få litt lengde på filmen. Klassen kan til dømes ta eit bilete kvar dag eller ved starten og slutten av dagen.

Vidare arbeid

Lag ein stop–motion film av planta som veks

Til denne oppgåva trengst fleire bilete i veka for å få litt lengde på filmen. Klassen kan til dømes ta eit bilete kvar dag.

Aktuelle nyttige lenkjer

Naturfag: Plantekappleik

I oppgåva «plantekappleik» skal elevane planta eit frø og samanlikna vekst, med venskapsklassar frå andre stader i kommunen. Data som vert samla inn, kan brukast vidare i undervisning.

Målgruppe:

1.–4. trinn

Kompetansemål:

  • bruka naturfaglege omgrep til å beskriva og presentera eigne observasjonar, føreslå og samtale om moglege forklaringar på det ein har observert
  • bruka måleinstrument, systematisera data, vurdera om resultata er rimelege, og presentera dei med eller utan digitale hjelpemiddel
  • samtala om, og sammenlikna livssyklusen til nokre plante- og dyrearter
  • observera, registrera og beskriva endringane som skjer med eit tre eller en annan flerårig plante over tid

Formål med oppgåva

Etablera kontakt med venskapsklasse gjennom konkurranse.

Samla inn data, og samanlikna med resultat i andre klassar.

Oppgåve

Klassen treng:

  • Nokre tørka erter frå heimkunnskapen (eller kjøkenskåpet til læraren)
  • Plantejord, Gjerne frå skuleområdet
  • 1 stk. potte
  • Kamera og linjal for å følgja utviklinga til planten

Framgangsmåte

Finn fram potta og ha i plantejord. Stikk ein linjal i jorda for å kunna registrera vekst veke for veke.

Finn ein passande stad i klasserommet der planten kan stå.

Ta eit bilete av planten på eit fast tidspunkt kvar veke og last opp bileta. Det kjem presisering om kor bilete skal lastast opp.

Pass på at planten har vatn.

Registrer dato, temperatur i klasserom, lystilhøve i skjemaet på lenkja. Det kjem presisering om korleis registreringa av planten si vekst skal gjerast.

Forslag til tabell. Lag gjerne eigne tabellar med andre faktorar som er viktige for planta.

Veke Dato Temperatur i rom Høgde på plante Utbreiing
1.      Veke
2.      Veke

Aktuelle spørsmål/problemstillingar/forslag til vidare arbeid

  • Samanlikn resultata med plantar frå andre skular:
    • Kva skule fekk frøet til å spira først?
    • Kva klasse hadde den høgaste planten, og kva klasse hadde planten med mest utbreiing?
  • Skriv ei forklaring, eller lag ein teikneserie av livssyklusen til planten. Kva trur du kjem til å skje vidare med planten?
  • Finn plantar i nærområdet og finn ut om dei har den same livssyklusen som klassen sin plante.
  • Finn eit lite tre i nærområdet og skriv ned kva høgde, breidde, omkrins det har. Informasjonen om treet kan brukast til samanlikning i seinare oppgåver.

Vidare arbeid

Lag ein stop motion–film av planta som veks

Til denne oppgåva trengst fleire bilete i veka for å få litt lengde på filmen. Klassen kan til dømes ta eit bilete kvar dag.

Aktuelle nyttige lenkjer

Norsk: Favorittstaden min i Nye Øygarden kommune

Målet med arbeidet er at eleven skal reflektere over sin eigen heimstad, og at han får uttrykke seg skriftleg og munnleg om temaet.

Til eleven:

Kva er favorittstaden din i Nye Øygarden kommune? Staden du likar aller best å vere? I naturen finst det mange fine stadar, og du har sikkert ein slik stad du likar betre enn andre.

Oppgåve er som følgjer:

Lag ei eiga teikning over staden som du er spesielt glad i, og skriv ein tekst under som forklarar kva du har teikna. Bruk god tid på å planlegge teikninga og det du skal skrive. Når de er ferdige med teikninga kan de presentere ho for resten av klassa.

Tips: Lag ei klasseutstilling av alle teikningane. Kvar elev kan i tillegg til å utforme teikninga, ta med seg ein stein, ein kvist, tang og tare, eller anna organisk materiale som kan vere med på å understreke det som særmerkjer naturen eller samfunnet i Nye Øygarden kommune.

Norsk: Presenter den nye kommunen din for resten av Noreg!

Kajakkpadling i FjellI denne oppgåva får du moglegheit til å bruke alle dei kreative evnene dine til å lage ein interessant og underhaldande presentasjon av heimstaden din. Oppgåva er tverrfagleg, for her vil du trenge kunnskapar frå fleire fag.

Bakgrunnen for oppgåva:

Fjell, Sund og Øygarden kommune har no blitt til Nye Øygarden kommune. Resten av Noreg veit ikkje så mykje som kva som særmerkjer den nye kommunen og treng hjelp frå deg og dine læringsvenar, til å bli litt klokare.

Oppgåva er som følgjer:

Lag ein informativ og underhaldande presentasjon av den nye kommunen din.

Korleis svare på oppgåva?

Gruppa vel sjølv korleis de vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:

  • I staden for ”Noreg rundt”, så lag ”Nye Øygarden kommune rundt” – eit underhaldingsprogram som viser fram den rike variasjonen i kommunen både når det gjeld folk, kystkultur og næring. Bruk god tid på å utforme eit manus for programmet, og øv dykk på å lage gode overgangar. Hugs å innhente løyve til filming, osb.
  • Lag ein informasjonsbrosjyre om Nye Øygarden kommune. Ta utgangspunkt i malen som ligg vedlagt og lag ein informativ samansett tekst om den nye kommunen din. Ta gjerne eigne bilete som du kan bruke i brosjyren. Hugs å skrive på nynorsk.
  • Klassa di har fått i oppgåve å lage ei reisehandbok til Nye Øygarden kommune. Kvart læringspar i klassa får i oppgåve å skrive om ulike delar av kommunen, slik at de får dekka fleire sider av den nye storkommunen. Målet med reisehandboka er at folk skal få lyst til å reise til Nye Øygarden kommune, og at dei skal bli meir kunnskapsrike om kva den nye kommunen rommar. I reisehandboka er det viktig å få med kva som særmerkjer naturen, næringslivsgrunnlaget, kva slags attraksjonar kommunen har å by på, og kva som finst av tur- og overnattingsmoglegheiter. Bruk gjerne eigne bilete som illustrasjonar i boka. Digitalt tips: Bruk gratisapplikasjonen Book creator for å utforme reisehandboka.

Samfunnsfag: Korleis kan Nye Øygarden kommune verta eit fyrtårn på Vestlandet?

Dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden har vedteke å byggja ein ny kommune med namnet Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020. I dette arbeidsprosjektet utfordrar vi elevane til å arbeida med det som må til for å gjera den nye kommunen ein attraktiv stad å bu og arbeida i.

Målgruppe

  • Elevane i ungdomssteget i dei tre kommunane

Kompetansemål  (etter 10. årssteg)

  • formulera spørsmål om tilhøve i samfunnet, planleggja og gjennomføra ei undersøking og drøfta funn og resultat munnleg og skriftleg
  • bruka samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggja vidare på bidrag frå andre
  • bruka statistiske kjelder til å berekne og beskriva tendensar og variasjonar i samfunnsfaglege drøftingar og vurdera om statistikken gjev påliteleg informasjon
  • reflektera over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutera formål og relevans til kjeldene

Formål med oppgåva

  • få generell kunnskap om den nye kommunen, om formålet med kommune-reforma og kva oppgåver den nye kommunen skal ha ansvar for
  • verta kjend med lokaldemokratiske prosessar, med kommune-planlegging og med korleis medborgarskap kan bidra til at det vert attraktivt å bu og arbeida i den nye kommunen. Elevane skal forstå verdien av å engasjera seg i lokaldemokratiet
  • etablera kontakt med venskapsklasse. Les meir om venskapsklasse her.

Oppgåve

1  Individuelt arbeid:

Les spørsmålsformuleringane nedanfør nøye og vel deg ut tre problemstillingar som du ønskjer å utforska vidare.

Skriv ned årsakene til at du har vald deg ut akkurat desse problemstillingane.

Aktuelle spørsmål/problemstillingar (basert på tema i intensjonsavtalen)

  • Kva må til for at du kan tenkja deg å busetja deg og arbeida i den nye kommunen etter fullført utdanning?
  • Korleis kan vi skapa ein sterk felles og berekraftig kystkultur? Kva er kystkultur for oss?
  • Kva meiner vi med felles kultur, språk og identitet? Kva har vi felles i dei tre kommunane?
  • Korleis kan barn og unge vera med på å byggja den nye kommune (meborgarskap/involvering)?
  • Korleis kan den nye kommunen vera ein attraktiv bu- og arbeidsregion i bergensregionen?
  • Korleis kan vi ta heile kommunen i bruk og ikkje berre senterområda?
  • Kva offentlege tilbod bør leggjast til kommunedelsentera Skogsskiftet og Rong?
  • Kva betyr skulen for bygda/staden der du bur? Kva rolle bør skulen ha i lokalsamfunnet?
  • Kva utdanningstilbod bør finnast i den nye kommunen?
  • Kva rolle kan biblioteka ha i den nye kommunen?
  • Kva type arbeidsplassar er viktig for deg for å busetja deg i Nye Øygarden kommune?
  • Kva nye fritidstilbod ønskjer du den nye kommunen skal leggja til rette for?
  • Korleis kan vi organisera transport/kollektivtransport i framtida?
  • Korleis leggja til rette for eit sunt, berekraftig samfunn der vi tek omsyn til klima og miljø?
  • Kva kan vi gjera konkret for å binda oss saman og få fram «vi-kjensla»?

2  Gruppearbeid:

Set dykk saman i grupper og legg fram problemstillingane de har valt dykk ut. Diskuter og bli samde om ei felles problemstilling som gruppa ønskjer å granska vidare.

Metode og framgangsmåte

De avgjer sjølve korleis de vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:

  • Lag ein interaktiv presentasjon ved hjelp av PowerPoint eller Google-presentasjonar. Legg på kommentarstemme og ta opptak (for eksempel ved hjelp av applikasjonen Screencastomatic)
  • Lag ei fiktiv nyheitssending der de gjennom intervju og filminnslag svarar på problemstillinga (4-6 min).
  • Lag ein presentasjonsfilm (4-6 min).
  • Oppgåva kan også løysast med drama, musikk, dans eller andre uttrykksformer. Det kan også leggjast til rette for gruppe-/klassediskusjon om tema knytt til kommunereforma/den nye kommunen.

PS: Den første delen av oppgåva (ved presentasjon) kan gjerne vera ein kort presentasjon av dei tre kommunane/Nye Øygarden kommune).

Resultatet av arbeidet kan presenterast for venskapsklassen og på mønstring i samband med opningsveka for den nye kommunen 1. – 5. januar 2020.

Distriktssenteret har laga eit detaljert undervisningsopplegg for 2 timar om kommunereforma som gjerne kan nyttast.

  • Våren 2019 vart det gjennomført ei ungdomshøyring blant elevane i ungdomsskulane i dei tre kommunane. Resultata av høyringa må gjerne nyttast som kjelde for oppgåveløysinga. Les resultatet av høyringa her. (Lenke kommer når klar)

Omfang/tidsbruk

  • 5 – 10 timar

Prosjektperiode

  • September – desember 2019