Onsdag den 24. april var 90 elevrådsrepresentantar og vaksenkontaktar på alle skulane i Sund, Fjell og Øygarden samla på Fjell rådhus for å inspirera kvarandre til engasjement for den nye kommunen. Samlinga var startskotet for tiltaket Elev i Nye Øygarden.

Ordførarane sparka det heile i gang og oppmoda elevane om å delta i prosjektarbeid og mykje anna det er lagt opp til i prosjektperioden frå hausten av. Både Sund-ordførar Kari-Anne Landro og ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, var tydelege på at dei ønskjer å få kunnskap om kva elevane tenkjer om den nye kommune og framtida her vest. Dei lova å ta synspunkta frå elevane på alvor når den nye kommunen skal meislast ut.
Informasjonsansvarleg i MOT, Regine Oen Hatten, fekk engasjert elevane då ho hadde innlegget sitt. Ho understreka at det ofte er dei rundt oss som påverkar haldningane våre.
– Det krev mot å stå åleine om standspunkt. De er alle eit førebilete, og det handlar difor om de vil vera eit bevisst eller ubevisst førebilete. Bruk røysta, bruk motet og ta ei aktiv rolle, sa Oen Hatten. Ho utfordra elevane med spørsmål om dei trudde dei kunne påverka korleis det vert i den nye kommunen. Mesteparten av elevane hadde tru på at dei kunne påverka utviklinga.

Ei arbeidsgruppe sett saman av pedagogar og elevrådsrepresentantar har utarbeidd undervisningsopplegg i fleire fag for hausten 20019 der eit gjennomgåande tema er framtida i den nye kommunen. Skulane i dei tre kommunane vert inviterte til å verta venskapsklasse med ein annan klasse (på same trinn) og å delta i konkurransar. Det vert gjeve transportstøtte dersom venskapsklassane arrangerer fellessamling. Fellesnemnda har sett av 300 tusen kroner i budsjettet til dette skuletiltaket.
På denne nettsida er det mellom anna presentasjon av alle undervisningsopplegga, konkurranse og informasjon om venskapsklasse.
På samlinga i dag orienterte prosjektrådmann Rune Lid om status for Nye Øygarden kommune. Kulturskulen deltok med musikkinnslag ved Hallgeir Fiskaaen og informasjon om undervisningstilbod.
Tekst og bilete: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete frå samlinga i dag:






