Category Archives: Aktuelt

Tankar om framtida denne veka

Her kjem tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen.

Denne veka kan du sjå og høyra:


Frida frå Tranevågen ungdomsskule er oppteken av miljøet i naturen og på skulane. Ho fokuserer på gode læringstilhøve og at vi har ingen vener å miste.


Mia frå Kolltveit skule fortel om kor glad ho er i dyr og staden ho bur på, og at ho har lyst til å bli dyrlege når ho blir vaksen i den nye kommunen.


Viktoria frå Sund ungdomsskule fortel om kvifor ho vil bli barnelege som vaksen i den nye kommunen.


Her finn du meir informasjon og fleire videoar i serien Tankar om framtida.

Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.

Tankar om framtida denne veka

Her kjem tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen.

Denne veka kan du sjå og høyra:


Stefan frå Rong skule meiner at vi skal ta vare på nærbutikken og ha fleire plassar ein kan treffest, for å spela fotball eller vera med på idrett.


Hanna frå Danielsen ungdomsskule fortel om kor viktig det er å vera aktiv, ha gode vener og ei god skule å gå på.


Frida frå Hjelteryggen skule fortel om kor viktig det er å vera aktiv i idrett, og har tankar om korleis kommunen kan gjera det enklare for unge å vera med.


Her finn du meir informasjon og fleire videoar i serien Tankar om framtida.

Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.

Knivskarp plantekappleik

Konkurransen om å få erteblomsten til å veksa raskast og lengst skjerpar seg. Det er no knappe tre veker igjen før konkurransen vert avslutta.

Elevane i både 2a (biletet) og 3b viser stor engasjement i plantekappleiken.

 

Rundt 20 klassar deltek i konkurransen i regi av Elev i Nye Øygarden.

Vi tok turen innom Landro skule tidleg i denne veka. Både klasse 2a og klasse 3b deltek i konkurransen. I klasse 3b stod det tre planter i vindauget.

–  Vi tømte først jord i potta og la ertene i vatn ein dag før vil planta ertespira, fortel Sonja.

– Vi såg det tok til å spira etter fire –fem dagar, fortel Arian.

I klasse 2a på Landro skule er engasjementet stort, fortel lærar Anette Lynglund Kroken.

– Sidan konkurransen starta har engasjementet i 2a vore høgt! Både lærar og elevar har eit høgt konkurranseinstinkt, og går «all in» for å leggja til rette for gode vekstvilkår for planta. Vi har sanka gode (forhåpentlegvis) tips til korleis planta kan veksa og trivast. Nokre av tipsa vil vi ikkje heilt røpa, før konkurransen er over!:) Men vi kan meddela at t.o.m foreldre har kome på bana med tips/midlar for å ta best mogleg vare på planta. Så her er engasjementet stort. Kvar dag i lunsjen går vi inn på grafen for å sjå korleis planta vår ligg an i forhold til andre sine, seier Lynglund Kroken.

I forkant av pensum

Ho opplyser at elevane har ikkje lært kva centimeter er ennå (som pensum), men brukar no dette ordet flittig når dei skal skildra kor lang planta er i forhold til grafen. I starten var dette eit ukjent fenomen, no viser dei stor forståing ved at dei også kommentarar som «korleis kan ei plante starte på 10 centimeter, den må vel være 0 centimeter når den vart planta» osv..  På vekeplanen har dei også fått utdelt lenkja til grafen, slik at dei kan følgja med heime.

– Elevane er flinke til å minna læraren på å vatna planta flittig, dei brukar også å syngja til ho! Dei har allereie laga seg nokre tankar om kva dei vil bruka pengane på, dersom vi skulle være så heldig å vinna. Då er forslaga alt i frå badeland, spel til klassa, badebasseng på skulen, skuleballar etc. Planten har verkeleg bidrege til å skapa samhald via eit felles samarbeidsprosjekt! Dette er GØY! seier læraren.

Avsluttar konkurransen 30. november

Plantekappleiken starta den 15. oktober og vert avslutta den 30. november. Det starta med at  klassane la erter i vatn den første dagen før dei vart planta dagen etter, den 16. oktober. På nettsida til Elev i Nye Øygarden registrerer klassane veksten, og dermed kan alle følgja med korleis ein ligg an i konkurransen. På opningsfesten den 4. januar har vi bedt statsminister Erna Solberg om å dela ut premiane til dei tre beste klassane.

Henrik i 3b gjev vatnar planten.

Mor og far bryr seg meir om kommunesamanslåinga enn meg!

Den 1. januar vert dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden slått saman Vi spurte elevane i 3b om kva dei dei tenkjer om at det vert ein ny kommune med namnet Øygarden.

– Kommunen vert større. Elles bryr eg meg ikkje så mykje. Mor og far bryr seg meir, seier ein av elevane.

Klasse 3b er mellom 70 klassar som har delteke i konkurransen om å «tippa» folketalet i den nye kommunen 1. januar.

– Me er spente på resultatet, seier elevane. Det offisielle folketalet ved nyårsskiftet er klart om lag den 20. februar når Statistisk sentralbyrå offentleggjer tala.

Her er fleire bilete frå Landro skule:

 

Tankar om framtida denne veka

Her kjem tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen.

Denne veka kan du sjå og høyra:


Nora frå Landro skule fortel om mormor og besten, kva yrke ho ynskjer seg og kor glad ho er i skulen sin.


Emma frå Sund ungdomsskule fortel om kor glad ho er i bygda si, Glesnes, kva ein kan gjere der og kvifor ho ynskjer å bu.


Aurora frå Toftøy skule fortel om kor vakker skjærgården er i Øygarden, det ein kan gjere her ute og at vi må ta vare på den.


Her finn du meir informasjon og fleire videoar i serien Tankar om framtida.

Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.

Tankar om framtida denne veka

Her kjem tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen.

Denne veka kan du sjå og høyra:


Lena frå Foldnes skule fortel om sin draumekommune.


Martin frå Danielsen barneskule er oppteken av miljø, sosialt fellesskap og teknologi.


Hedda frå Knappskog skule er oppteken av kva som kan skje når havisen smeltar.


Her finn du meir informasjon og fleire videoar i serien Tankar om framtida.

Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.

Tankar om framtida denne veka

Her kjem tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen.

Denne veka kan du sjå og høyra:


Ingrid Nakken frå Blomvåg skule som elskar bøker og vil bli forfattar.


Kelsie Nesse frå Sund ungdomsskule som elskar heimstaden sin og alle som bor der.


Gabriel Sæle som vil ha slutt på all mobbing.


Her finn du meir informasjon og videoane i serien Tankar om framtida.

Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.

No startar serien Tankar om framtida

Fram til nyttår vil elevar frå skulane i Sund, Fjell og Øygarden presentera tankane sine om framtida og den nye kommunen. I dag presenterer vi dei tre første elevane som på video formidlar tankane sine om framtida her vest.

Serien Tankar om framtida er ein del av skuleprosjektet Elev i Nye Øygarden. Denne hausten er elevane i dei tre kommunane utfordra til å arbeida særskilt med bygginga av Nye Øygarden kommune. På nettsida Elev i Nye Øygarden er det laga til undervisningsopplegg for fleire fag, opplegg for venskapsklassar, konkurransar og Elevar om framtida for å nemna noko.

Her er dei tre første elevane som presenterer tankane sine om framtida:


Pernille Sørensen frå Brattholmen skule fortel om kor viktig det er med trygg skuleveg.


Pernille Hansen frå Tjeldstø skule elskar å syngja.


Gunhild Kolbeinsvik frå Glesnes skule meiner at teknologi er viktig i framtida.


Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.

Statsministeren møtte engasjerte elevar på Brattholmen

Alle ville ha ein bit av statsminister Erna Solberg då ho besøkte klasse 3b på Brattholmen skule i dag . Ho tok seg tid til å dela klemmar til fleire av elevane.
– Eg maste mykje i timane som elev, måtte statsministeren vedgå.

Elevane skreiv brev til venskapsklassen på Stranda skule i Sund (3. kl.). Statsministeren fekk sjå kva dei hadde skrive til elevane dei skal verta kjende med. I bakgrunnen, rektor Anja Solli.

Bakgrunnen for besøket er prosjektet Elev i Nye Øygarden der elevane i dei tre kommunane er inviterte til å engasjera seg i bygginga av den nye kommunen. Det er utarbeidd undervisningsopplegg i fire fag, klassane kan etablera kontakt med andre elevar som venskapsklasse, og det er laga i stand spennande konkurransar.

– Kjære statsminister, velkomen til oss! Vi går frå tre til eín kommune, Nye Øygarden kommune, og det gler vi oss til, sa elevane i kor då Erna Solberg kom inn i klasserommet nokre minutt over klokka 13 i dag.

Før statsministeren hadde funne vegen til klasserommet, møtte ho politikarar og rektor ved inngangen. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde på seg ordførarkjeda, og saman med varaordførar Tom Georg Indrevik og rektor Anja Solli vart statsministeren ønskt velkomen til Brattholmen skule.

Eitt av fleire tiltak i prosjektet er Plantekappleiken der klassane plantar ertespire og konkurrerer om kven som får plantene til å veksa best. Konkurransen startar denne veka med å leggja erter i vatn og så planta ertespira i jord.

– Vi håpar du er med å heiar på oss og ønskjer oss lukke til, sa Martine til statsministren . Erna fekk æra av å leggja erter i vatn som start på konkurransen som tek til for alvor om eit par dagar.

Erna Solberg tømde erter i skåla for å gjera dei klare for planting seinare i veka.

Lærar Robert Hisdal orienterte om korleis klassen arbeider med Elev i Nye Øygarden. Klassane kan nytta undervisningsopplegg, delta som venskapsklasse, delta i konkurransen Plantekappleiken og i konkurransen om å tippa folketalet i den nye kommunen den 1. januar. Robert orienterte også om korleis Brattholmen skule i fleire år gjennom Annleisveka har arbeidd med at Sund, Fjell og Øygarden kommunar skal verta eín kommune frå nyttår av. Mellom anna skal elevane plukka i favorittstaden sin i den nye kommunen.

– Min favorittplass er Liatårnet, sa ein av elevane.

–  Vi håpar du er med å heiar på oss og ønskjer oss lukke til, sa Martine til statsministren . Erna fekk æra av å leggja erter i vatn som start på konkurransen.

Lærar Robert Hisdal orienterte om korleis klassen arbeider med Elev i Nye Øygarden. Klassane kan nytta undervisningsopplegg, delta som venskapsklasse, delta i konkurransen Plantekappleiken og i konkurransen om å tippa folketalet i den nye kommunen den 1. januar. Robert orienterte også om korleis Brattholmen skule i fleire år gjennom Annleisveka har arbeidd med at Sund, Fjell og Øygarden kommunar skal verta eín kommune frå nyttår av. Mellom anna skal elevane plukka i favorittstaden sin i den nye kommunen.

– Min favorittplass er Liatårnet, sa ein av elevane.

Tankar om framtida

Alle skulane i dei tre kommunane er utfordra til å la eín elev halda eit innlegg/tale (Ted Talks). Elevane snakkar om framtida og eit bestemt tema. Pernille Sørensen i 6. trinn på Brattholme skule hadde trafikksikring som tema.

– Det er utrygt å gå langs vegen i Arefjord fordi det ikkje er lys i lyktestolpane, og det manglar fortau. Derfor startar vi no med skulepatrulje. I framtida håpar eg at vi kan koma trygt til skulen eller til Straume utan at foreldra treng køyra oss, sa Pernille i videoen som vart vist for statsministeren.

På Brattholmen skule har elevane i Bry deg-veka arbeidd med tema som omsorg, samarbeid, tolmod og hjelpsemd. Statsministeren vart utfordra på dette.

– Vi har ikkje alltid ein god dag, og det er viktig at vi ser kvarandre. Ved å snakka saman, jobba i grupper og samarbeida, kan vi læra av kvarandre, sa ho.

Det er stas å verta fotograferte saman med statsministeren og lokale politikarar.

 

Les heile artikkelen på nettsida til Nye Øygarden kommune. 

– Eg ønskjer ein mobbefri skule

Denne veka startar Elev i Nye Øygarden videoopptaka der elevar snakkar om kva tankar dei har om framtida i den nye kommunen.
– Eg har lyst til å ha ein mobbefri skule i Nye Øygarden, seier Gabriel Sæle i 9c på Øygarden ungdomsskule.

Gabriel Sæle
Gabriel Sæle

Denne veka har filmskapar Jøran Ingvaldsen gjennomført opptak på Rong, Skogsvåg og Straume. Elevar frå dei tre kommunane i vest har troppa opp og presentert tankane sine om framtida her vest.

Talane (Ted Talks) vert lagde ut på heimesida til Elev i Nye Øygarden. Alle skulane i dei tre kommunane er utfordra til å stilla med tale frå ein elev. Talane er på inntil tre minutt kvar.

– Det er ein del mobbing på skulen, og dette kan vi ikkje akseptera. Eg ønskjer sjølv å følgja opp det eg seier i talen min. Lærarane jobbar så hardt dei kan for å få bukt med mobbinga, og dei har klart å få slutt på det meste, meiner Gabriel som tykkjer det er kjekt å få presentert tankane sine på video.

Jøran Ingvaldsen gjennomfører tre opptak denne veka og ein oppsamlingsdag med opptak på Straume neste veke for dei elevane som ikkje har hatt høve til å presentera talane sine i første runde.

– Elevane er kjempeflinke og er godt førebudde når dei kjem i «studio», seier Ingvaldsen. På onsdag laga han til eit provisorisk studio i eitt av romma på Rong skule.

I slutten av oktober vert videoopptaka lagt ut på nettsida til Elev i nye Øygarden.

Folk om kommune- og fylkestingsvalet

Kommune- og fylkestingsvalet nærmar seg. Vi har utfordra nokre av dei som har tenkt å røysta ved valet til å seia litt om kva som er viktig for dei i tida som kjem.

På YouTube- og Facebook-sidene til Nye Øygarden kommune og dei tre kommunane i regionen finn du videoklipp frå innbyggjarar vest om Sotrabrua.

Her kan du sjå alle videoane som er lagt ut så langt:

Valet er måndag 9. september. Hugs at du kan røysta på førehand fram til og med fredag den 6. september!

Les meir om valet her.