Category Archives: Aktuelt

Skogsvåg-elevar jobba med Astrup-bilete

I løpet av hausten har vi på 3. trinn på Skogsvåg skule jobba med kunstnaren Nikolai Astrup.

Vi har lært mykje om kunstnaren og livet hans på garden Sandalstrand i Jølster. Bileta hans er inspirerande og fargerike, elevane våre vart motiverte og jobba svært godt med oppgåva.

Biletet «Vårnatt og seljekall» var både mystisk og spennande, og dei fekk i oppgåve å laga sin eigen versjon av dette kunstbiletet. Vi jobba fagleg med pastellfargar, bakgrunn og forgrunn. Vi vart svært nøgde med resultat då alle var ferdige.

Kjersti S. Turøy og Eli Kallestad
kontaktlærar på 3. trinn Skogsvåg skule

Her er fleire bilete:

 

Tur til Spildepollen skule for Ulveset-elevar

Turbussen vare komen, og tjue spente sjetteklassinger sto fint oppstilt på rekkje.

– Har alle vore på do? Hugs sekkane dykkar! Og du, spring inn og hent jakka!

Det er dessverre ikkje noko varmare i Sund kommune…  Godt plasserte i kvart sitt bussete var dagen endeleg her, Ulveset var på veg til Spildepollen for å helsa på vennskapsklassen vår.

Dette hadde vi sett fram til lenge! Då bussen køyrte inn mot Spildepollen, vart det med eitt stille…. Oi, er dette verkeleg en skule.

– Shit, så kul den ser ut. Sjølv om vi hadde undersøkt venskapsskulen på internett, var det noko heilt anna å vera til stades på ekte. Heile gjengen vart imponert over denne flotte skulen. Vi vart tekne godt imot av sjetteklasse-elever og lærer-Trine som følgde oss til klasserommet. Etter litt «klein stillhet» (som elevane kaller det!) tok det ikkje så lang tid før praten var i gang hos fleire…

– Likar du fotball, kva er favorittlaget, har du Tiktok, spelar du Fortnite, og kjenner du Per?. Han er fetteren min.

Kanonball

Nå gjekk praten som han skulle, og det var på tide å bryta gjennom for å starta dagen skikkeleg. På programmet stod en presentasjon av kvarandre sine klassar, skular og kommunar. Vi skulle ha friminutt på den kule krøllgressbanen, eta deilig lunsj og til slutt ha en venskapskamp i kanonball.

Dagen suste avgarde, og elevene vart meir og meir kjent gjennom snakking og dei ulike aktivitetane. Spildepollen hadde laga deilig smørelunsj med lussekattar til dessert, det var jo trass alt Luciadagen. Etter ei avklaring om kva kanonballreglar som skulle gjelda, var det tid for siste post på programmet. Kampen var suksess og gjesten stakk av med sigeren.

– Kanskje vi kan ta ein omkamp dersom de kjem til Ulveset, var det ein som føreslo.

Før bussen kom for å henta Ulvesetgjengen vart det utveksla kontaktinformasjon mellom elevane. Vi fekk også tid til å samla alle til eit gruppebilete i den fine trappa. I loggskrivingen etterpå har elevene frå Ulveset oppsummert med at dette var ein «kjekk og annleis dag». Det var gøy å bli kjent med dei andre elevane» og «det var litt flaut i starten, men det gjekk mykje betre etter kvart» og til slutt:  «vi eigde i kanonball og det var skikkeleg gøy».

Takk for oss, Spildepollen skule!

Tekst og bilete: Benedicte Algrøy

Fleire bilete

Blomvåg skule besøkte Ulveset skule

Den 13. desember besøkte 7 klasse på Blomvåg skule venskapsklasse på Ulveset skule (7. klasse).

Me reiste frå Blomvåg skule kl. 08.30 med minibuss. Då me kom til Ulveset tok dei godt i mot oss. Me gjekk saman til ein av uteplassane dei har rundt sin skule. Nokre elevar hadde gått i førevegen for å tenna opp bål. Elevane leika saman, både gøymespel og 50-leiken.

Me fekk servert cowboy-suppe, solbærtoddy og lussekatter. Det vart også etablert nokre venskap og utlevert nokre adresser for vidare kommunikasjon, veldig kjekt!!!

Me på Blomvåg skule vil takka Ulveset skule for ei fin stund saman, og for den gode måten dei tok i mot oss på og organiserte dagen på. Det hadde vore grådig fint om me fekk det til at dei kunne koma å besøka oss også;-)

Tekst og foto: Belinda Hellesund Tomic

Her er fleire bilete frå besøket:

Landro skule besøkte venskapsklasse på Brattholmen

Onsdag den 11. desember 2019 fekk 1a ved Brattholmen  skule fekk besøk av vennskapsklassen 1b frå Landro skule.

Både born og vaksne hadde sett fram til å møte dei nye venene. Gjestene fekk omvising på uteområdet. Borna kom fort i leik på «nye» leikeplassen utanfor skulen.

Borna vart deretter delt inn i grupper. Dei gjekk frå post til post for å løysa oppgåver knytt til den nye storkommunen.

Elevane hadde felles måltid i klasserommet. Her vart oppgåvene gjennomgått og elevane viste interesse for den nye kommunen.   Alle var einig i kva ein kommune var og kva for kommunevåpen den nye Øygarden kommune skulle ha.

Til slutt var det tid for leik i gymsalen. Då var det god stemning og stor aktivitet. Stikkball og bomba var veldig spanande. Så var det tid for å ta farvel med dei nye venene våre. Då var det ikkje fritt for at nokon måtte klemme kvarandre før gjestene måtte kle på seg og gå til bussen.

Vi gler oss til å treffast igjen i 2020. Får håpa kommunen har pengar til det!

Tekst og foto: Rannveig Lie Sætre

 

Brattholmen-klasse besøkte venskapsklasse på Spildepollen skule

Torsdag 5. desember var klasse 1 b på Brattholmen på besøk på Spildepollen skule. Vi vart tekne godt imot og vi hadde ein minnerik dag.

Slik opplevde vi dagen:

1b frå Brattholmen skule venter på bussen som kjem klokka 9.00

 

Bussen kjem og vi køyrer mot Sund kommune. Vi markerer dagens kommunegrense mellom Fjell og Sund kommune.

Venskapsklassen tar godt i mot oss på Spildepollen skule. Vi samla oss i amfiet. Kontaktlærar ved Spildepollen skule, Charlotte Hjørnevik presenterer planen for dagen – vi skal ha juleverkstad på tre ulike stasjonar.

Elevene set i gong produksjon av julepynt. På to stasjonar skal elevane lage julekort og julekuler.

På den tredje stasjonen skal elevane lage eit juletre med handavtrykka sine.

Vi tar matpause og ser julekalendaren frå Salaby saman. Vi drikk saft og et peparkaker.

Heilt til slutt syng vi Jul i svingen og Juletrall

1B på Brattholmen skule har hatt ein minnerik og fin dag i lag med venskapsklassen sin.

Tekst og foto: Anne Helen Dalen

Besøk til Bjorøy skule gav meirsmak

Klasse 3b på Ågotnes skule var på besøk til 3. klasse på Bjorøy skule fredag 12. desember. Vi hadde ein fantastisk kjekk dag! Fleire av elevane var på Bjorøy for første gong.

Elevane frå Ågotnes storkoste seg på Bjorøy skule.

 

Elevene storkoste seg gjennom heile dagen. Elevene syntest også det var stor stas å ta buss. Mange hadde aldri vore på Bjorøy før. Då vi kom Bjorøy, vart vi godt tekne imot av elevar frå 3. klasse som stod og venta på oss.

Elevane fekk omvising på skolen, og vi hadde kjekke aktivitetar i gymsalen saman. Elevane fra Ågotnes hadde med flotte kort som dei hadde laga til Bjorøy-elevane. Bjorøy-elevane hadde laga til ein deilig lunsj til oss. Dei hadde sjølv laga handleliste og vald nøye ut kva som skulle serverast. Eggerøre og nugatti blei favorittar! Maten smakte nydeleg!

Bjorøy skule diska opp med nydeleg lunsj.

Dei hadde også laga fine bordkort med helsing på og pynta langbordet med juletema. Ei mor hadde laga nydelege kanelbollar til heile gjengen! Elevane var begeistra på bussen heim og fortalde om nye venskap og bekjentskap frå Bjorøy. Vi gler oss til å skriva fleire brev til elevane på Bjorøy og håpar at vi kan invitera dei til skulen vår ved eit seinare høve.

Ingunn Marie Algrøy
lærar

Veneklassar frå Stranda skule og Brattholmen møtte kvarandre

I haust har tredjetrinnet på Stranda skule brevveksla med 3b på Brattholmen skule. Elevane har vore flittige og breva har gått fram og tilbake i fleire omgangar.

Det var stas for elevane på Brattholmen å reisa på besøk til Stranda.

Her har dei fortalt om seg sjølv og vore flinke til å stilla kvarandre spørsmål. Også bilete er sendt med breva, og i klasseromma har bilete av elevane i veneklassane hengt på veggen. Temaa har variert, og dei har fortalt om familie, interesser, skulekvardagen, fritida og feriar.

Elevane har talt ned til 12. desember, den dagen elevane endelig skulle få treffa veneklassen. Både Brattholmen-elevene og Stranda-elevene har gledd seg til dette møtet. Difor var det ein forventningsfull gjeng fra Brattholmen som sette seg i bussen i retning Stranda skule i Sund.

Vel fremme var det to spente klassar som møtte kvarandre i foajeen. Ein og ein elev frå Brattholmen blei lest opp og følgd av brevvennene sine til klasserommet. Her starta det med ulike spel, og elevene fant fort tonen. Etter ei god stund med spel og samtalar fekk elevane noko godt å eta og drikka.

Deretter bar det ut på det flotte uteområdet der dei fekk leika fritt i en times tid. Dagen blei avslutta med formingsaktivitetar og frileik og fotball i gymsalen. På vegeg ut fekk alle elevane på Brattholmen julekort frå elevane på Stranda.

Sjølv om det flotte møtet nå er over, held brevvekslinga fram. Og kven veit, kanskje kryssar barna vegane ein gong i fremtida i den nye kommunen?

Robert Hisdal
lærar

Her er fleire bilete frå besøket:

 

 

 

Tankar om framtida denne veka

Her kjem to nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen.

Denne veka kan du sjå og høyra:


Victoria frå Skålvik skule fortel om kor glad ho er i familien og kommunen sin, men òg om kor viktig det er at alle barn og unge får moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar.


Mathilde frå Ågotnes skule er glad i kommunen sin og vil verna om han. Ho fortel spesielt om kor viktig det er å ha gode vaksne rundt seg for å vera trygg.


Her finn du meir informasjon og fleire videoar i serien Tankar om framtida.

Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.

Stort engasjement i plantekappleiken

Det vart knivskarp konkurranse i plantekappleiken som vart avslutta den 29. november. På opningsfesten den 4. januar vert premiane delte ut. Vi har utfordra statsminister Erna Solberg til å stå for utdelinga.

Klasse 3b på Landro skule er godt nøgd med innsatsen.

På nettsida til Elev i Nye Øygarden går det fram kven som har kome best ut i konkurransen.
Ansvarleg for konkurransen, lærar på Tranevågen ungdomsskule, Andreas Furset, gler seg over det store engasjementet.

– Eg er imponert over elevane. Heilt frå den første veka var det tett kamp om teten, og det var konkurranse i toppen heilt til siste veka. Eg har fått nokre spørsmål om korleis ein har klart å få plantane til å vakse rasande fort dei første vekene. Eg håpar at nokre av klassane vil avsløra triksa sine for optimal plantevekst til den store opningsfesten, seier ein godt nøgd Andreas Furset.

Den 4. januar er det altså opningsfest for Øygarden kommune. Vi har bedt statsminister Erna Solberg å dela ut premiane for både plantekappleiken og trekkja ut vinnarar av dei klassane som har vore venskapsklassar. Dette skjer under den offisielle delen av opningsfesten i Sotra Arena frå klokka 13.00.

På opningsfesten skal prosjektet Elev i Nye Øygarden har eigen stand med informasjon om prosjektet og framsyning av elevarbeid. Her kan gjestene på festen kanskje få nokre gode tips om korleis dei skal få planter til å veksa godt.

Her er plakat for den som skjer i opningsveka mellom 1. januar og 5. januar.

Her er bilete frå plantekappleiken

Tankar om framtida denne veka

Her kjem to nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen.

Denne veka kan du sjå og høyra:


Selma frå Ulveset skule fortel om kva ho likar å halda på med i fritida og på skulen. Ho er oppteken av å ta grøne val, og å ta vare på naturen.


Enya frå Bjorøy skule fortel om kor glad ho er for skulen sin, venene, familien og kor viktig at alle kan få moglegheiten til å vera med på ein fritidsaktivitet.


Her finn du meir informasjon og fleire videoar i serien Tankar om framtida.

Videoane er produserte av Jøran Ingvaldsen.