Author Archives: Nye Øygarden kommune

Norsk: Favorittstaden min i Nye Øygarden kommune

Målet med arbeidet er at eleven skal reflektere over sin eigen heimstad, og at han får uttrykke seg skriftleg og munnleg om temaet.

Til eleven:

Kva er favorittstaden din i Nye Øygarden kommune? Staden du likar aller best å vere? I naturen finst det mange fine stadar, og du har sikkert ein slik stad du likar betre enn andre.

Oppgåve er som følgjer:

Lag ei eiga teikning over staden som du er spesielt glad i, og skriv ein tekst under som forklarar kva du har teikna. Bruk god tid på å planlegge teikninga og det du skal skrive. Når de er ferdige med teikninga kan de presentere ho for resten av klassa.

Tips: Lag ei klasseutstilling av alle teikningane. Kvar elev kan i tillegg til å utforme teikninga, ta med seg ein stein, ein kvist, tang og tare, eller anna organisk materiale som kan vere med på å understreke det som særmerkjer naturen eller samfunnet i Nye Øygarden kommune.

Norsk: Presenter den nye kommunen din for resten av Noreg!

Kajakkpadling i FjellI denne oppgåva får du moglegheit til å bruke alle dei kreative evnene dine til å lage ein interessant og underhaldande presentasjon av heimstaden din. Oppgåva er tverrfagleg, for her vil du trenge kunnskapar frå fleire fag.

Bakgrunnen for oppgåva:

Fjell, Sund og Øygarden kommune har no blitt til Nye Øygarden kommune. Resten av Noreg veit ikkje så mykje som kva som særmerkjer den nye kommunen og treng hjelp frå deg og dine læringsvenar, til å bli litt klokare.

Oppgåva er som følgjer:

Lag ein informativ og underhaldande presentasjon av den nye kommunen din.

Korleis svare på oppgåva?

Gruppa vel sjølv korleis de vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:

  • I staden for ”Noreg rundt”, så lag ”Nye Øygarden kommune rundt” – eit underhaldingsprogram som viser fram den rike variasjonen i kommunen både når det gjeld folk, kystkultur og næring. Bruk god tid på å utforme eit manus for programmet, og øv dykk på å lage gode overgangar. Hugs å innhente løyve til filming, osb.
  • Lag ein informasjonsbrosjyre om Nye Øygarden kommune. Ta utgangspunkt i malen som ligg vedlagt og lag ein informativ samansett tekst om den nye kommunen din. Ta gjerne eigne bilete som du kan bruke i brosjyren. Hugs å skrive på nynorsk.
  • Klassa di har fått i oppgåve å lage ei reisehandbok til Nye Øygarden kommune. Kvart læringspar i klassa får i oppgåve å skrive om ulike delar av kommunen, slik at de får dekka fleire sider av den nye storkommunen. Målet med reisehandboka er at folk skal få lyst til å reise til Nye Øygarden kommune, og at dei skal bli meir kunnskapsrike om kva den nye kommunen rommar. I reisehandboka er det viktig å få med kva som særmerkjer naturen, næringslivsgrunnlaget, kva slags attraksjonar kommunen har å by på, og kva som finst av tur- og overnattingsmoglegheiter. Bruk gjerne eigne bilete som illustrasjonar i boka. Digitalt tips: Bruk gratisapplikasjonen Book creator for å utforme reisehandboka.

Samfunnsfag: Korleis kan Nye Øygarden kommune verta eit fyrtårn på Vestlandet?

Dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden har vedteke å byggja ein ny kommune med namnet Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020. I dette arbeidsprosjektet utfordrar vi elevane til å arbeida med det som må til for å gjera den nye kommunen ein attraktiv stad å bu og arbeida i.

Målgruppe

  • Elevane i ungdomssteget i dei tre kommunane

Kompetansemål  (etter 10. årssteg)

  • formulera spørsmål om tilhøve i samfunnet, planleggja og gjennomføra ei undersøking og drøfta funn og resultat munnleg og skriftleg
  • bruka samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggja vidare på bidrag frå andre
  • bruka statistiske kjelder til å berekne og beskriva tendensar og variasjonar i samfunnsfaglege drøftingar og vurdera om statistikken gjev påliteleg informasjon
  • reflektera over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutera formål og relevans til kjeldene

Formål med oppgåva

  • få generell kunnskap om den nye kommunen, om formålet med kommune-reforma og kva oppgåver den nye kommunen skal ha ansvar for
  • verta kjend med lokaldemokratiske prosessar, med kommune-planlegging og med korleis medborgarskap kan bidra til at det vert attraktivt å bu og arbeida i den nye kommunen. Elevane skal forstå verdien av å engasjera seg i lokaldemokratiet
  • etablera kontakt med venskapsklasse. Les meir om venskapsklasse her.

Oppgåve

1  Individuelt arbeid:

Les spørsmålsformuleringane nedanfør nøye og vel deg ut tre problemstillingar som du ønskjer å utforska vidare.

Skriv ned årsakene til at du har vald deg ut akkurat desse problemstillingane.

Aktuelle spørsmål/problemstillingar (basert på tema i intensjonsavtalen)

  • Kva må til for at du kan tenkja deg å busetja deg og arbeida i den nye kommunen etter fullført utdanning?
  • Korleis kan vi skapa ein sterk felles og berekraftig kystkultur? Kva er kystkultur for oss?
  • Kva meiner vi med felles kultur, språk og identitet? Kva har vi felles i dei tre kommunane?
  • Korleis kan barn og unge vera med på å byggja den nye kommune (meborgarskap/involvering)?
  • Korleis kan den nye kommunen vera ein attraktiv bu- og arbeidsregion i bergensregionen?
  • Korleis kan vi ta heile kommunen i bruk og ikkje berre senterområda?
  • Kva offentlege tilbod bør leggjast til kommunedelsentera Skogsskiftet og Rong?
  • Kva betyr skulen for bygda/staden der du bur? Kva rolle bør skulen ha i lokalsamfunnet?
  • Kva utdanningstilbod bør finnast i den nye kommunen?
  • Kva rolle kan biblioteka ha i den nye kommunen?
  • Kva type arbeidsplassar er viktig for deg for å busetja deg i Nye Øygarden kommune?
  • Kva nye fritidstilbod ønskjer du den nye kommunen skal leggja til rette for?
  • Korleis kan vi organisera transport/kollektivtransport i framtida?
  • Korleis leggja til rette for eit sunt, berekraftig samfunn der vi tek omsyn til klima og miljø?
  • Kva kan vi gjera konkret for å binda oss saman og få fram «vi-kjensla»?

2  Gruppearbeid:

Set dykk saman i grupper og legg fram problemstillingane de har valt dykk ut. Diskuter og bli samde om ei felles problemstilling som gruppa ønskjer å granska vidare.

Metode og framgangsmåte

De avgjer sjølve korleis de vil svare på oppgåva, men her er nokre forslag til framgangsmåtar:

  • Lag ein interaktiv presentasjon ved hjelp av PowerPoint eller Google-presentasjonar. Legg på kommentarstemme og ta opptak (for eksempel ved hjelp av applikasjonen Screencastomatic)
  • Lag ei fiktiv nyheitssending der de gjennom intervju og filminnslag svarar på problemstillinga (4-6 min).
  • Lag ein presentasjonsfilm (4-6 min).
  • Oppgåva kan også løysast med drama, musikk, dans eller andre uttrykksformer. Det kan også leggjast til rette for gruppe-/klassediskusjon om tema knytt til kommunereforma/den nye kommunen.

PS: Den første delen av oppgåva (ved presentasjon) kan gjerne vera ein kort presentasjon av dei tre kommunane/Nye Øygarden kommune).

Resultatet av arbeidet kan presenterast for venskapsklassen og på mønstring i samband med opningsveka for den nye kommunen 1. – 5. januar 2020.

Distriktssenteret har laga eit detaljert undervisningsopplegg for 2 timar om kommunereforma som gjerne kan nyttast.

  • Våren 2019 vart det gjennomført ei ungdomshøyring blant elevane i ungdomsskulane i dei tre kommunane. Resultata av høyringa må gjerne nyttast som kjelde for oppgåveløysinga. Les resultatet av høyringa her. (Lenke kommer når klar)

Omfang/tidsbruk

  • 5 – 10 timar

Prosjektperiode

  • September – desember 2019