Veneklassar frå Stranda skule og Brattholmen møtte kvarandre

I haust har tredjetrinnet på Stranda skule brevveksla med 3b på Brattholmen skule. Elevane har vore flittige og breva har gått fram og tilbake i fleire omgangar.

Det var stas for elevane på Brattholmen å reisa på besøk til Stranda.

Her har dei fortalt om seg sjølv og vore flinke til å stilla kvarandre spørsmål. Også bilete er sendt med breva, og i klasseromma har bilete av elevane i veneklassane hengt på veggen. Temaa har variert, og dei har fortalt om familie, interesser, skulekvardagen, fritida og feriar.

Elevane har talt ned til 12. desember, den dagen elevane endelig skulle få treffa veneklassen. Både Brattholmen-elevene og Stranda-elevene har gledd seg til dette møtet. Difor var det ein forventningsfull gjeng fra Brattholmen som sette seg i bussen i retning Stranda skule i Sund.

Vel fremme var det to spente klassar som møtte kvarandre i foajeen. Ein og ein elev frå Brattholmen blei lest opp og følgd av brevvennene sine til klasserommet. Her starta det med ulike spel, og elevene fant fort tonen. Etter ei god stund med spel og samtalar fekk elevane noko godt å eta og drikka.

Deretter bar det ut på det flotte uteområdet der dei fekk leika fritt i en times tid. Dagen blei avslutta med formingsaktivitetar og frileik og fotball i gymsalen. På vegeg ut fekk alle elevane på Brattholmen julekort frå elevane på Stranda.

Sjølv om det flotte møtet nå er over, held brevvekslinga fram. Og kven veit, kanskje kryssar barna vegane ein gong i fremtida i den nye kommunen?

Robert Hisdal
lærar

Her er fleire bilete frå besøket: