Tur til Spildepollen skule for Ulveset-elevar

Turbussen vare komen, og tjue spente sjetteklassinger sto fint oppstilt på rekkje.

– Har alle vore på do? Hugs sekkane dykkar! Og du, spring inn og hent jakka!

Det er dessverre ikkje noko varmare i Sund kommune…  Godt plasserte i kvart sitt bussete var dagen endeleg her, Ulveset var på veg til Spildepollen for å helsa på vennskapsklassen vår.

Dette hadde vi sett fram til lenge! Då bussen køyrte inn mot Spildepollen, vart det med eitt stille…. Oi, er dette verkeleg en skule.

– Shit, så kul den ser ut. Sjølv om vi hadde undersøkt venskapsskulen på internett, var det noko heilt anna å vera til stades på ekte. Heile gjengen vart imponert over denne flotte skulen. Vi vart tekne godt imot av sjetteklasse-elever og lærer-Trine som følgde oss til klasserommet. Etter litt «klein stillhet» (som elevane kaller det!) tok det ikkje så lang tid før praten var i gang hos fleire…

– Likar du fotball, kva er favorittlaget, har du Tiktok, spelar du Fortnite, og kjenner du Per?. Han er fetteren min.

Kanonball

Nå gjekk praten som han skulle, og det var på tide å bryta gjennom for å starta dagen skikkeleg. På programmet stod en presentasjon av kvarandre sine klassar, skular og kommunar. Vi skulle ha friminutt på den kule krøllgressbanen, eta deilig lunsj og til slutt ha en venskapskamp i kanonball.

Dagen suste avgarde, og elevene vart meir og meir kjent gjennom snakking og dei ulike aktivitetane. Spildepollen hadde laga deilig smørelunsj med lussekattar til dessert, det var jo trass alt Luciadagen. Etter ei avklaring om kva kanonballreglar som skulle gjelda, var det tid for siste post på programmet. Kampen var suksess og gjesten stakk av med sigeren.

– Kanskje vi kan ta ein omkamp dersom de kjem til Ulveset, var det ein som føreslo.

Før bussen kom for å henta Ulvesetgjengen vart det utveksla kontaktinformasjon mellom elevane. Vi fekk også tid til å samla alle til eit gruppebilete i den fine trappa. I loggskrivingen etterpå har elevene frå Ulveset oppsummert med at dette var ein «kjekk og annleis dag». Det var gøy å bli kjent med dei andre elevane» og «det var litt flaut i starten, men det gjekk mykje betre etter kvart» og til slutt:  «vi eigde i kanonball og det var skikkeleg gøy».

Takk for oss, Spildepollen skule!

Tekst og bilete: Benedicte Algrøy

Fleire bilete