Statsministeren møtte engasjerte elevar på Brattholmen

Alle ville ha ein bit av statsminister Erna Solberg då ho besøkte klasse 3b på Brattholmen skule i dag . Ho tok seg tid til å dela klemmar til fleire av elevane.
– Eg maste mykje i timane som elev, måtte statsministeren vedgå.

Elevane skreiv brev til venskapsklassen på Stranda skule i Sund (3. kl.). Statsministeren fekk sjå kva dei hadde skrive til elevane dei skal verta kjende med. I bakgrunnen, rektor Anja Solli.

Bakgrunnen for besøket er prosjektet Elev i Nye Øygarden der elevane i dei tre kommunane er inviterte til å engasjera seg i bygginga av den nye kommunen. Det er utarbeidd undervisningsopplegg i fire fag, klassane kan etablera kontakt med andre elevar som venskapsklasse, og det er laga i stand spennande konkurransar.

– Kjære statsminister, velkomen til oss! Vi går frå tre til eín kommune, Nye Øygarden kommune, og det gler vi oss til, sa elevane i kor då Erna Solberg kom inn i klasserommet nokre minutt over klokka 13 i dag.

Før statsministeren hadde funne vegen til klasserommet, møtte ho politikarar og rektor ved inngangen. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde på seg ordførarkjeda, og saman med varaordførar Tom Georg Indrevik og rektor Anja Solli vart statsministeren ønskt velkomen til Brattholmen skule.

Eitt av fleire tiltak i prosjektet er Plantekappleiken der klassane plantar ertespire og konkurrerer om kven som får plantene til å veksa best. Konkurransen startar denne veka med å leggja erter i vatn og så planta ertespira i jord.

– Vi håpar du er med å heiar på oss og ønskjer oss lukke til, sa Martine til statsministren . Erna fekk æra av å leggja erter i vatn som start på konkurransen som tek til for alvor om eit par dagar.

Erna Solberg tømde erter i skåla for å gjera dei klare for planting seinare i veka.

Lærar Robert Hisdal orienterte om korleis klassen arbeider med Elev i Nye Øygarden. Klassane kan nytta undervisningsopplegg, delta som venskapsklasse, delta i konkurransen Plantekappleiken og i konkurransen om å tippa folketalet i den nye kommunen den 1. januar. Robert orienterte også om korleis Brattholmen skule i fleire år gjennom Annleisveka har arbeidd med at Sund, Fjell og Øygarden kommunar skal verta eín kommune frå nyttår av. Mellom anna skal elevane plukka i favorittstaden sin i den nye kommunen.

– Min favorittplass er Liatårnet, sa ein av elevane.

–  Vi håpar du er med å heiar på oss og ønskjer oss lukke til, sa Martine til statsministren . Erna fekk æra av å leggja erter i vatn som start på konkurransen.

Lærar Robert Hisdal orienterte om korleis klassen arbeider med Elev i Nye Øygarden. Klassane kan nytta undervisningsopplegg, delta som venskapsklasse, delta i konkurransen Plantekappleiken og i konkurransen om å tippa folketalet i den nye kommunen den 1. januar. Robert orienterte også om korleis Brattholmen skule i fleire år gjennom Annleisveka har arbeidd med at Sund, Fjell og Øygarden kommunar skal verta eín kommune frå nyttår av. Mellom anna skal elevane plukka i favorittstaden sin i den nye kommunen.

– Min favorittplass er Liatårnet, sa ein av elevane.

Tankar om framtida

Alle skulane i dei tre kommunane er utfordra til å la eín elev halda eit innlegg/tale (Ted Talks). Elevane snakkar om framtida og eit bestemt tema. Pernille Sørensen i 6. trinn på Brattholme skule hadde trafikksikring som tema.

– Det er utrygt å gå langs vegen i Arefjord fordi det ikkje er lys i lyktestolpane, og det manglar fortau. Derfor startar vi no med skulepatrulje. I framtida håpar eg at vi kan koma trygt til skulen eller til Straume utan at foreldra treng køyra oss, sa Pernille i videoen som vart vist for statsministeren.

På Brattholmen skule har elevane i Bry deg-veka arbeidd med tema som omsorg, samarbeid, tolmod og hjelpsemd. Statsministeren vart utfordra på dette.

– Vi har ikkje alltid ein god dag, og det er viktig at vi ser kvarandre. Ved å snakka saman, jobba i grupper og samarbeida, kan vi læra av kvarandre, sa ho.

Det er stas å verta fotograferte saman med statsministeren og lokale politikarar.

 

Les heile artikkelen på nettsida til Nye Øygarden kommune.