Landro skule besøkte venskapsklasse på Brattholmen

Onsdag den 11. desember 2019 fekk 1a ved Brattholmen  skule fekk besøk av vennskapsklassen 1b frå Landro skule.

Både born og vaksne hadde sett fram til å møte dei nye venene. Gjestene fekk omvising på uteområdet. Borna kom fort i leik på «nye» leikeplassen utanfor skulen.

Borna vart deretter delt inn i grupper. Dei gjekk frå post til post for å løysa oppgåver knytt til den nye storkommunen.

Elevane hadde felles måltid i klasserommet. Her vart oppgåvene gjennomgått og elevane viste interesse for den nye kommunen.   Alle var einig i kva ein kommune var og kva for kommunevåpen den nye Øygarden kommune skulle ha.

Til slutt var det tid for leik i gymsalen. Då var det god stemning og stor aktivitet. Stikkball og bomba var veldig spanande. Så var det tid for å ta farvel med dei nye venene våre. Då var det ikkje fritt for at nokon måtte klemme kvarandre før gjestene måtte kle på seg og gå til bussen.

Vi gler oss til å treffast igjen i 2020. Får håpa kommunen har pengar til det!

Tekst og foto: Rannveig Lie Sætre