Knivskarp plantekappleik

Konkurransen om å få erteblomsten til å veksa raskast og lengst skjerpar seg. Det er no knappe tre veker igjen før konkurransen vert avslutta.

Elevane i både 2a (biletet) og 3b viser stor engasjement i plantekappleiken.

 

Rundt 20 klassar deltek i konkurransen i regi av Elev i Nye Øygarden.

Vi tok turen innom Landro skule tidleg i denne veka. Både klasse 2a og klasse 3b deltek i konkurransen. I klasse 3b stod det tre planter i vindauget.

–  Vi tømte først jord i potta og la ertene i vatn ein dag før vil planta ertespira, fortel Sonja.

– Vi såg det tok til å spira etter fire –fem dagar, fortel Arian.

I klasse 2a på Landro skule er engasjementet stort, fortel lærar Anette Lynglund Kroken.

– Sidan konkurransen starta har engasjementet i 2a vore høgt! Både lærar og elevar har eit høgt konkurranseinstinkt, og går «all in» for å leggja til rette for gode vekstvilkår for planta. Vi har sanka gode (forhåpentlegvis) tips til korleis planta kan veksa og trivast. Nokre av tipsa vil vi ikkje heilt røpa, før konkurransen er over!:) Men vi kan meddela at t.o.m foreldre har kome på bana med tips/midlar for å ta best mogleg vare på planta. Så her er engasjementet stort. Kvar dag i lunsjen går vi inn på grafen for å sjå korleis planta vår ligg an i forhold til andre sine, seier Lynglund Kroken.

I forkant av pensum

Ho opplyser at elevane har ikkje lært kva centimeter er ennå (som pensum), men brukar no dette ordet flittig når dei skal skildra kor lang planta er i forhold til grafen. I starten var dette eit ukjent fenomen, no viser dei stor forståing ved at dei også kommentarar som «korleis kan ei plante starte på 10 centimeter, den må vel være 0 centimeter når den vart planta» osv..  På vekeplanen har dei også fått utdelt lenkja til grafen, slik at dei kan følgja med heime.

– Elevane er flinke til å minna læraren på å vatna planta flittig, dei brukar også å syngja til ho! Dei har allereie laga seg nokre tankar om kva dei vil bruka pengane på, dersom vi skulle være så heldig å vinna. Då er forslaga alt i frå badeland, spel til klassa, badebasseng på skulen, skuleballar etc. Planten har verkeleg bidrege til å skapa samhald via eit felles samarbeidsprosjekt! Dette er GØY! seier læraren.

Avsluttar konkurransen 30. november

Plantekappleiken starta den 15. oktober og vert avslutta den 30. november. Det starta med at  klassane la erter i vatn den første dagen før dei vart planta dagen etter, den 16. oktober. På nettsida til Elev i Nye Øygarden registrerer klassane veksten, og dermed kan alle følgja med korleis ein ligg an i konkurransen. På opningsfesten den 4. januar har vi bedt statsminister Erna Solberg om å dela ut premiane til dei tre beste klassane.

Henrik i 3b gjev vatnar planten.

Mor og far bryr seg meir om kommunesamanslåinga enn meg!

Den 1. januar vert dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden slått saman Vi spurte elevane i 3b om kva dei dei tenkjer om at det vert ein ny kommune med namnet Øygarden.

– Kommunen vert større. Elles bryr eg meg ikkje så mykje. Mor og far bryr seg meir, seier ein av elevane.

Klasse 3b er mellom 70 klassar som har delteke i konkurransen om å «tippa» folketalet i den nye kommunen 1. januar.

– Me er spente på resultatet, seier elevane. Det offisielle folketalet ved nyårsskiftet er klart om lag den 20. februar når Statistisk sentralbyrå offentleggjer tala.

Her er fleire bilete frå Landro skule: