– Eg ønskjer ein mobbefri skule

Denne veka startar Elev i Nye Øygarden videoopptaka der elevar snakkar om kva tankar dei har om framtida i den nye kommunen.
– Eg har lyst til å ha ein mobbefri skule i Nye Øygarden, seier Gabriel Sæle i 9c på Øygarden ungdomsskule.

Gabriel Sæle
Gabriel Sæle

Denne veka har filmskapar Jøran Ingvaldsen gjennomført opptak på Rong, Skogsvåg og Straume. Elevar frå dei tre kommunane i vest har troppa opp og presentert tankane sine om framtida her vest.

Talane (Ted Talks) vert lagde ut på heimesida til Elev i Nye Øygarden. Alle skulane i dei tre kommunane er utfordra til å stilla med tale frå ein elev. Talane er på inntil tre minutt kvar.

– Det er ein del mobbing på skulen, og dette kan vi ikkje akseptera. Eg ønskjer sjølv å følgja opp det eg seier i talen min. Lærarane jobbar så hardt dei kan for å få bukt med mobbinga, og dei har klart å få slutt på det meste, meiner Gabriel som tykkjer det er kjekt å få presentert tankane sine på video.

Jøran Ingvaldsen gjennomfører tre opptak denne veka og ein oppsamlingsdag med opptak på Straume neste veke for dei elevane som ikkje har hatt høve til å presentera talane sine i første runde.

– Elevane er kjempeflinke og er godt førebudde når dei kjem i «studio», seier Ingvaldsen. På onsdag laga han til eit provisorisk studio i eitt av romma på Rong skule.

I slutten av oktober vert videoopptaka lagt ut på nettsida til Elev i nye Øygarden.