Blomvåg skule besøkte Ulveset skule

Den 13. desember besøkte 7 klasse på Blomvåg skule venskapsklasse på Ulveset skule (7. klasse).

Me reiste frå Blomvåg skule kl. 08.30 med minibuss. Då me kom til Ulveset tok dei godt i mot oss. Me gjekk saman til ein av uteplassane dei har rundt sin skule. Nokre elevar hadde gått i førevegen for å tenna opp bål. Elevane leika saman, både gøymespel og 50-leiken.

Me fekk servert cowboy-suppe, solbærtoddy og lussekatter. Det vart også etablert nokre venskap og utlevert nokre adresser for vidare kommunikasjon, veldig kjekt!!!

Me på Blomvåg skule vil takka Ulveset skule for ei fin stund saman, og for den gode måten dei tok i mot oss på og organiserte dagen på. Det hadde vore grådig fint om me fekk det til at dei kunne koma å besøka oss også;-)

Tekst og foto: Belinda Hellesund Tomic

Her er fleire bilete frå besøket: