Besøk til Bjorøy skule gav meirsmak

Klasse 3b på Ågotnes skule var på besøk til 3. klasse på Bjorøy skule fredag 12. desember. Vi hadde ein fantastisk kjekk dag! Fleire av elevane var på Bjorøy for første gong.

Elevane frå Ågotnes storkoste seg på Bjorøy skule.

 

Elevene storkoste seg gjennom heile dagen. Elevene syntest også det var stor stas å ta buss. Mange hadde aldri vore på Bjorøy før. Då vi kom Bjorøy, vart vi godt tekne imot av elevar frå 3. klasse som stod og venta på oss.

Elevane fekk omvising på skolen, og vi hadde kjekke aktivitetar i gymsalen saman. Elevane fra Ågotnes hadde med flotte kort som dei hadde laga til Bjorøy-elevane. Bjorøy-elevane hadde laga til ein deilig lunsj til oss. Dei hadde sjølv laga handleliste og vald nøye ut kva som skulle serverast. Eggerøre og nugatti blei favorittar! Maten smakte nydeleg!

Bjorøy skule diska opp med nydeleg lunsj.

Dei hadde også laga fine bordkort med helsing på og pynta langbordet med juletema. Ei mor hadde laga nydelege kanelbollar til heile gjengen! Elevane var begeistra på bussen heim og fortalde om nye venskap og bekjentskap frå Bjorøy. Vi gler oss til å skriva fleire brev til elevane på Bjorøy og håpar at vi kan invitera dei til skulen vår ved eit seinare høve.

Ingunn Marie Algrøy
lærar